Hopp til innhold

Jerven tar fleire beitedyr i Møre og Romsdal enn før

Innmelde saker i år viser nesten ei dobling frå 44 til 72 sauekadaver, viser tal frå Statens Naturoppsyn.

Jerv felt i Sunndal
Foto: Lars Olav Lund

Dette skil seg sterkt frå dei nasjonale tala, der talet på rovdyrskadar er det lågaste sidan årtusenskiftet.

I Møre og Romsdal er det i år påvist fire ynglingar av jerv.

Lars Olav Lund i Statens Naturoppsyn

Lars Olav Lund i Statens Naturoppsyn meiner det er ein reell auke i talet på rovdyrskadar.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

– Vi har fått auke i talet på skadar i Rauma og Sunndal, fortel Lars Olav Lund i Statens naturoppsyn. Også i Norddal og Nesset er det påvist jerveskadar, seier Lund, som meiner det er ein reell auke i rovdyrskadar.

Tala han viser til er basert på funn av kadaver og innmelde skadar, medan det reelle tapet av beitedyr først er klart når Fylkesmannen har fått og behandla alle erstatningskrava. Nettopp i desse dagar er prosessen i gang der saueeigarane søker om erstatning.

Ulv på snarbesøk

To jerv er tatt ut her i fylket og det står igjen ein restkvote på tre dyr. Det er Rovviltnemnda som fastsett kor mange dyr ein kan ta for kvart år.

Av andre rovviltskadar er talet på gaupesaker nokså stabilt, med sju saker i år og 11 i fjor.

– Ein ulv på streif i Romsdalen gjorde også litt skade, men dette dyret snudde ut av fylket, og var dessutan på besøk før beiteslepp. Bjørn har ikkje gjort skade hos oss i år, fortel Lund.