Hopp til innhold

Staten ber om 27 millionar munnbind på fire månader: – Heilt urimeleg

Den norske munnbindfabrikken meiner bestillinga dei har fått frå staten er meint for kinesiske produsentar. No krev dei endring for å sikre norske bedrifter.

Vedum på Innovern

Bedrifta Innovern i Sykkylven produserer 100 000 munnbind kvar dag.

Foto: SISSEL BRUNSTAD / NRK

Maskinene går for fullt i lokala til bedrifta Innovern i Sykkylven. Kvar dag lagar dei 100 000 munnbind som går ut til norske sjukehus og andre institusjonar.

Midt under pandemien heiv sunnmørske næringslivsfolk seg rundt og starta opp bedrifta fordi det oppstod frykt for at landet skulle gå tom for smittevernutstyr. Dei har til no fått fleire store bestillingar frå sjukehus i Noreg. Men framtida ser ikkje så lys ut.

Kritiserer krava frå staten

Staten har no lagt ut ei ny, stor bestilling av munnbind ut på anbod. Dei ber om 27 millionar munnbind, som må bli levert i løpet av fire månader i haust.

Ei så stor bestilling på så kort tid er det ingen norske produsentar som klarar å levere, meiner dagleg leiar ved Innovern Grethe Aspehaug Loe.

– Vi reagerer veldig sterkt på at dette anbodet kjem med så stort volum, med så kort leveringstid. Då føler vi dette er skreddarsydd for kinesiske produsentar, seier ho.

Daglig leder Grethe Loe sammen med produksjonssjef Mathias Grebstad. 

Dagleg leder Grethe Aspehaug Loe saman med produksjonssjef Mathias Grebstad.

Foto: InnoVern Duo

Aspehaug Loe stussar over volumet i den nye bestillinga.

– Under pandemien, når det sto på som verst, hadde ein ikkje behov for meir enn 2 millionar munnbind i månaden. Vi forstår ikkje kvifor ein har lagt det ut på denne måten. Det er heilt urimeleg!

Viser til Frankrike

Reglane for korleis anbod frå staten skal lysast ut er strenge og omfattande. Leiinga i Innvovern meiner det likevel er mogleg å gjere endringar slik at norske produsentar har sjanse til å vinne fram.

Aspehaug Loe viser til Frankrike der dei mellom anna legg meir vekt på kvalitet, leveranse og etisk produksjon av munnbinda og mindre vekt på pris. Ho har tatt opp den franske modellen med norske styresmakter, utan å få gjennomslag.

Helsedepartementet skriv i ein e-post til NRK at helseføretaka må følgje lov om offentlege innkjøp, og kan ikkje diskriminere nokon på grunnlag av nasjonalitet eller usakleg forskjellsbehandling på anna grunnlag.

Departementet skriv også at dei regionale helseføretaka eit stykke på veg kan ha høve til å innrette anbod slik franske styresmakter har skissert. Vilkåra må like fullt vareta i dei beredskapsbehova som helseføretaka no skal fylle.

Odd Jostein Drotninghaug, ordfører i Sykkylven

Ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug, er uroa for norsk beredskap framover.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRK

Fryktar for norsk beredskap

Ordføraren i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug (Sp), er redd for at landet endar opp i same situasjon som då pandemien først kom til landet, med stor mangel på smittevernutstyr.

– Det går ikkje an å handtere det på denne måten. Her er vi nøydde til å ta lærdom av det som trefte oss for to år sidan då pandemien kom. Det er viktig at vi etablerer ein beredskapsproduksjon, seier ordføraren.

Han seier dei no jobbar hardt opp mot Stortinget for å gjere noko med situasjonen.

– Dei er nøydde til å sjå på moglegheitene som er, og dei må leite etter handlingsrommet. Eg er veldig glad for at det i Hurdalsplattformen står at beredskap er viktig for regjeringa, og då trur eg også dei finn ei løysning på dette.

Les også Usikkert for norske produsenter av smittevernutstyr

Erna Solberg opna smittvernfabrikk i Sykkylven

Les også Produserer munnbind som bare det – Norge vil ikke ha dem

Sfactor produserer munnbind

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL