Då pandemien kom, blei det raskt mangel på smittevernprodukt. Mange ville ha eigen produksjon i Noreg, og gründerar kasta seg rundt. No fryktar dei for framtida.
– Eg håpar berre det skal gå bra, men det veit vel ingen av oss, seier Annlaug Waldeck.
Ho jobbar med produksjon og pakking av munnbind hos Innovern. Det var den fyrste fabrikken i landet som fekk i gang produksjon av smittevernutstyr i 2020.
Den nystarta bedrifta fekk kontrakt på å levere 20 millionar munnbind til norske sjukehus.
Statsminister Erna Solberg hylla initiativet då ho opna fabrikken. Sidan har produksjonen gått for fullt.
I fjor var tidlegare helseminister Bent Høie og senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum samstemte:
Noreg bør ha langsiktig produksjon av smittevernutstyr for å sikre beredskapen i framtida.
Likevel lever desse bedriftene i uvisse.
I fjor måtte Asap Norway i Skien permittere tilsette. No kjempar dei for å behalde arbeidsplassane.
Med dei reglane som styrer offentlege innkjøp i dag, taper dei norske fabrikkane i konkurranse mot kinesiske produsentar.
– Om du samanliknar med import frå Kina så er vi for dyre. Men det er klart at det er også ein kvalitet inn i dette og vi har eit heilt anna kvalitetsprodukt. Det kan vi dokumentere, seier Lars Einar Riksheim.
Han er ein av gründerane bak bedrifta. Om dei ikkje får nye kontraktar innan kort tid, fryktar han at dei må legge ned produksjonen.
Meiner regjeringa somlar
Sidan starten av pandemien har Innovern sin produksjon vore basert på ein beredskapsordre frå staten. Denne ordren gjekk ut før jul, sidan har ikkje dei høyrt noko.
– Staten var involvert og frampå for å få dette i gang. No derimot ser det ut til at dei kan få store problem om ein ikkje får opp farta og sørgjer for å forlenge avtalane, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.
No fryktar ho at kompetansen og beredskapen som er bygd opp i Noreg sidan 2020 skal forsvinne. Ho meiner regjeringa jobbar alt for seint, og ikkje har prioritert saka.
– Trygve Slagsvold Vedum var her like før valet og snakka om at han ville behalde denne beredskapen. No må han få ting på plass, seier Listhaug.
Vil skjerme norske fabrikkar
Finansminister Vedum seier regjeringa har fremma eit forslag for Stortinget om at staten skal inngå beredskapsavtalar med norske selskap.
– Listhaug har vore minister for både beredskap og folkehelse. Då ho hadde ansvaret gjorde ho ingenting med saka, seier Vedum.
Et system med beredskapsavtalar skal skjerme dei norske verksemdene mot konkurransen frå utlandet.
– Når slike avtalar kjem på plass, kan bedrifter som Innovern få levere til staten framover, seier han.