NRK Meny

Inngår strategisk samarbeid

Island Offshore og britiske TechnipFMC har signert ein strategisk samarbeidsavtale for leveransar av lett brønnintervensjonstenester (LWI) verda over, melder selskapet i ei pressemelding. TechnipFMC kjøper samstundes majoriteten av aksjane i Island Offshore Subsea AS (IOSS), eit heilleigd dotterselskap av Island Offshore Management AS. Styreformann i Island Offshore-gruppa Morten Ulstein (t.v) saman med Odd Strømsnes frå TechnipFMC etter signering av avtalen.

Styreformann i Island Offshore-gruppa Morten Ulstein og Odd Strømsnes i TechnipFMC.
Foto: Island Offshore