Hopp til innhold

Fleire innbrot i Ålesundsområdet – politiet jobbar ut ifrå at det er ein samanheng

Politiet har sendt inn DNA og fingeravtrykk til Kripos etter fleire innbrot i Ålesundsområdet.

Kart over innbrot i Ålesundsområdet.

Totalt fem bustadar i området Hatlane – Åse i Ålesund opplevde innbrot i vinterferien.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes

Politiet i Ålesund fekk førre veke melding om totalt fem innbrot i einebustadar i området Hatlane – Åse. Innbrota skal ha skjedd i tidsrommet 18.–25. februar.

– Vi jobbar ut ifrå at det kan vere ein samanheng, i og med at det har skjedd i same området og i same tidsrom. Dei har også tatt seg inn på same måte, seier Arne Lid Skodje.

Han er seksjonsleiar for førebygging, etterretning og etterforsking i Møre og Romsdal politidistrikt.

Har sikra seg spor

Ifølge Skodje er det også same type ting som er borte frå dei ulike bustadane. Det gjer også at politiet ser ein samanheng mellom innbrota.

Arne Lid Skodje, seksjonsleder i Møre og Romsdal politidistrikt.

Arne Lid Skodje seier politiet har sikra seg spor som dei kan knyte til gjerningspersonane.

Foto: Møre og Romsdal politidistrikt

– Dei har tatt med seg ting som mindre verdigjenstandar, kontantar og lett omsettelege pyntegjenstandar som gull, smykke og slike ting, seier han.

Politiet har også gjennomført åstadundersøkingar ved alle bustadane og etterforskar breitt, både taktisk og teknisk.

Dermed har dei bevis som dei kan knyte til eventuelle gjerningspersonar.

– Vi har sikra både DNA, fotspor, fingeravtrykk og liknande. Vi har sendt inn materiale til Kripos i håp om å få treff på DNA og fingeravtrykk, seier Skodje.

– Ber innbrota preg av å vere profesjonelle?

– Det vil eg ikkje seie. Vi har ingen haldepunkt for at det ser ut til å vere erfarne og profesjonelle folk som har gjort dette.

Ber om tips

Politiet ønsker også tilbakemelding frå publikum dersom dei har sett noko som kan vere av interesse for politiet, eller sjølv har oppdaga spor av innbrot eller forsøk på innbrot på eigen eigedom. Dei kan bli kontakta på telefonnummer 02800.

– Hovudsakleg førre veke. Gjerne bilde eller film frå videoovervaking eller ringeklokker, dersom nokon har fanga opp merkelege bevegelsar, eller andre ting. Kanskje spesielt på nattetid. Alt slikt er av interesse, og så kan vi gjere ei vurdering på om det er av interesse.

Politiet i Ålesund er også i kontakt med andre delar av politiet dersom dette er snakk om tjuvar som reiser vidare i distriktet eller over fylkesgrensa.

– Vi deler etterretningsinformasjon om det som har skjedd.

Skodje seier at det ikkje er grunn til å tru at andre i same området skal vere redde for nye innbrot, men at ein sjølvsagt ikkje kan utelukke noko.

– Dei går tilsynelatande til bustadar der ingen er heime, så her gjeld det å passe på å låse og å ha eventuelle alarmar og slik ting på. Ikkje la det stå synlege verdisaker i vindauga. Det er forholdsreglar ein kan ta, seier han.

Les også To personar er arrestert etter innbrot i Molde

Bil køyrde av vegen etter møte med politipatrulje etter innbrot i Molde.