Hopp til innhold

Kommune publiserte namn og personnummer på 231 pasientar

Ein menneskeleg feil gjorde at kommunen la ut offentleg både namn, personnummer og helseopplysningar til over 200 pasientar. Fylkeslegen fryktar folk misser tilliten.

Hustadvika kommune la ut personnummer og namn til ein rekke mottakarar av multidose-pakkar.

231 pasientar blei nemnde med namn, fullt personnummer og helseopplysningar via kommunen sin postjournal. Informasjonen blei tatt vekk først då ein vaken innbyggar slo alarm.

Foto: Skjermbilde

Dottera til ein av pasientane fryktar no at den 84 år gamle faren skal bli ringt opp og lurt av folk som har fått tak i sensitive opplysningar.

– Han har tillit til folk, det er mange som kan ringe og utnytte han, seier ho.

Faren hennar bur heime og har behov for multidose-medisin. Ein rapport med oversikt over pasientar med behov for denne typen medisin, låg ute i nesten eit døgn.

– Dette er ei pasientgruppe som lett kan utnyttast dersom nokon får tak i dei personopplysningane, seier dottera.

NRK har valt å anonymisere kvinna for å unngå å identifisere faren.

Fjerna først etter eit døgn

Det var ein vaken innbyggar som alarmerte Hustadvika kommune, etter å ha oppdaga rapporten som låg tilgjengeleg på kommunen sine heimesider i helga. Då hadde rapporten med namn, personopplysningar og medisinbehov på 231 pasientar vore tilgjengeleg i 20 timar.

Ordførar Tove Henøen i Hustadvika kommune seier ein menneskeleg feil var årsaka.

– No må gå gjennom rutinane våre på nytt og sørge for at slike ting ikkje skjer.

Ordførar Tove Henøen (Sp) i Hustadvika kommune

Ordførar Tove Henøen seier ein menneskeleg svikt var årsaka til at sensitiv informasjon om 231 pasientar blei publisert.

Foto: Roar Strøm

– Skal ikkje finne seg i slikt

Dei 231 pasientane i Hustadvika er langt frå dei einaste som opplever at det blir lagt ut sensitiv informasjon om dei. Seksjonssjef Camilla Nervik i Datatilsynet seier kommunar som publiserer sensitivt materiale via postjournalane er på topp på klagestatistikken. Ho meiner ikkje folk skal akseptere dette.

– Nei, det synest vi absolutt ikkje at ein skal finne seg i, for det er ein rett ein har, å få beskytta personopplysningane sine. Kommunen må forstå den risikoen det inneber å ha elektronisk postjournal og ha eit godt nok system for å kontrollere før ting blir publisert, seier ho.

Camilla Nervik, seksjonssjef i seksjon for offentlig tjenester i Datatilsynet.

Seksjonssjef Camilla Nervik seier folk har rett til sine eigne personopplysningar. Ho meiner kommunane må ha eit godt kontrollsystem.

Foto: © Ilja C. Hendel

Datatilsynet vurderer no sanksjonar overfor Hustadvika kommune som følgje av feilen. Det same skjedde i Østre Toten tidlegare i år. Bergen kommune blei bøtlagde for to år sidan.

Fryktar det kan gå ut over tilliten

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen fryktar at datafeil hos kommunane kan føre til at folk vegrar seg for å gå til legen.

– Vi ser kritisk på dette fordi pasientar må kunne stole på at personopplysningane deira ikkje kjem på avvege. I verste fall kan konsekvensen vere at nokon ikkje oppsøker lege eller helsevesenet fordi dei er redde for at opplysningar om dei skal bli spreidde, seier Mikaelsen.

Fylkeslegen er førebels ikkje varsla om saka. Det er heller ikkje pårørande til dei 231 pasientane i Hustadvika.

 Karin Müller Mikaelsen, fylkeslege Møre og Romsdal

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen fryktar at mangel på tillit kan føre til at folk vegrar seg mot å oppsøke legen.

Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL