Hopp til innhold

Her må hurtigruta gi tapt for vinden

Med vindkast opp i orkan styrke klarte ikkje hurtigruta å legge til kai i Ålesund i dag. Fleire anløp er innstilt eller forseinka på grunn av vêret.

Hurtigruteskipet MS Nordkapp måtte gi opp å legge til kai i Ålesund på grunn av kraftig vind.

Hurtigruteskipet MS Nordkapp måtte gi opp å legge til kai i Ålesund på grunn av kraftig vind.

Uver langs kysten gjer at fjellovergangar er stengde og ferjer og bussar er innstilte. Også Hurtigruten merkar det dårlege vêret. Dei har forseinkingar og innstillingar.

Over havstykka Hustadvika i Romsdal og på Folda i Trøndelag er det meldt bølger med ei snitthøgde på over 10 meter i ettermiddag og kveld.

– Dei høgste bølgene skal bli over 20 meter og då er det ikkje noko særleg å legge ut på sjøen, seier Rune Thomas Ege. Han er kommunikasjonssjef i Hurtigruten.

Rune Thomas Ege

Rune Thomas Ege er kommunikasjonssjef i Hurtigruten. Han seier at dei har ein regularitet på 98 prosent, men at dei må innstille avgangar når vêret er så dårleg som i dag.

Foto: Hurtigruten

Orkan styrke

MS Nordkapp skulle legge til kai i Ålesund i formiddag. Med vindkast opp i 36 m/s avbraut kapteinen forsøket, og drog vidare til Molde.

– Når skipet skal legge til kai, er det alltid kapteinen eller dei andre på brua styrer skipet og som kjenner på ver og vind. Det er dei på brua som tar avgjerda der og då. I dag var det rett og slett ikkje mogleg å legge til kai i Ålesund, seier Ege.

Tar ingen sjansar

Ifylgje kommunikasjonssjefen er det sjeldan at Hurtigruten ikkje går på grunn av vêret, men når det er meldt dårleg ver tar dei ingen sjansar.

– Tryggleiken er det viktigaste. Erfaringa vår frå 125 år brukar vi kvar einaste dag, seier Ege. Han seier at det kan vere ubehageleg for passasjerane om bord når vêret er dårleg, men at tryggleiken er det avgjerande.

Ifylgje Tidens Krav fall ein av passasjerane på nyttårsaftan då Hurtigruten MS Nordlys var på Folda. Kapteinen på skipet, Lars Kristian Larsen, sa til avisa at dette dessverre skjer av og til. Mange om bord er eldre.

Hurtigruten M/S Nordkapp klarte ikkje legge til kai i Ålesund

M/S Nordkapp segla vidare til Molde

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Her er dei siste endringane i ruteplanen:

  • MS Nordlys har hatt fleire endringar i seglturen på turen mellom Ålesund-Bergen tur/retur på grunn av vêret frå nyttårsaftan og fram til i dag.
  • MS Polarlys kansellerer Kristiansund og Molde 3. januar
  • 4. januar blir Ålesund, Torvik, Måløy, Florø og Bergen kansellert
  • 5. januar blir Florø, Måløy, Torvik, Ålesund og Molde kansellert
  • 6. januar blir Kristiansund kansellert

Det er ikkje berre Hurtigruten som har problem med veret. Også alle MS «Superspeed»-avgangar mellom Kristiansand og Hirtshals er kansellerte fredag.

Nordkapp la til kai i Molde fleire timar før tida etter å ha innstilt anløpet til Ålesund

Nordkapp la til kai i Molde fleire timar før tida etter at anløpet til Ålesund blei avlyst.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK