Uvêret herjar på fjella: – Utset turen til laurdag

Uvêret herjar i fjellheimen og alle fjellovergangar mellom aust- og vestlandet er stengde for personbilar. No ber vegvesenet folk om å utsetje turen til laurdag.

VENTAR PÅ KOLONNE: Fredag ettermiddag var det kø ved Borlaug i Lærdal av køyretøy som venta på å få kolonnekøyring over Filefjell og Hemsedalsfjellet.

VENTAR PÅ KOLONNE: Fredag kveld var det kø ved Borlaug i Lærdal av køyretøy som venta på å få kolonnekøyring over Filefjell og Hemsedalsfjellet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Hadde eg hatt mogelegheita, ville eg ha venta for å sjå an forholda utpå dagen i morgon. Viss du likevel må over fjellet, må du har rikeleg med mat i bilen og varme klede - og godt med tolmod, seier trafikkoperatør Gunnar Brevik i Statens vegvesen.

Og blant dei som støttar den oppmodinga er sjåførane på brøytebilane som i heile dag har kjempa mot naturkreftene.

– Det er så tett her at den som køyrde først såg berre frå lysmast til lystmast, fortel brøytebilsjåfør Stig Arve Neshagen på E16 over Filefjell.

For første gong sidan februar 2018 blei den driftssikre fjellovergangen mellom aust og vest stengd i føremiddag.

– Vi måtte ta tryggleiken på alvor slik at vi ikkje køyrer på kvarandre, sa Neshagen til NRK.

Stig Arve Neshagen, brøytebilsjåfør for Presis Vegdrift

TØFFE FORHOLD: Brøytebilsjåfør Stig Arve Neshagen seier det er krevjande på Filefjell i dag.

Alle fjellovergangane mellom Vestlandet og Austlandet har vore heilt stengde i dag. Fredag ettermiddag er det berre E16 som er open for kolonnekøyring med store køyretøy.

– Det er vinden som mest krevjande, og når det snøar kraftig blir det heilt tett.

Kva følgjer vinden får for fjellovergangane utover dagen er uvisst. Men gult varsel om nedbør og vindkast opp mot 35 sekundmeter lovar ikkje bra for dei som skal ut å reise.

– Det snur fort i fjellet, så det er vanskeleg å spå noko, sa Nina Heggernes ved Vegtrafikksentralen i Bergen tidlegare i dag.

Filefjell

DÅRLEG SIKT: Slik ser det ut frå brøytebilen på Filefjell.

Foto: Stig Arve Neshagen

Det beste rådet ho kan gi, er å bu seg på å bruke tid – og å følgje med både på yr.no og 175.no.

– Der kan det vere lurt å følgje med, seier Heggernes.

I dag tidleg blåste nattbussane frå Oslo til Måløy og Ulsteinvik i autovernet på Strynefjellet. Og i Vik i Sogn har 2700 innbyggjarar vore isolerte då uvêr og straumproblem førde til at ferja ikkje kunne gå til Vangsnes og vegen over Vikafjellet er stengd.

Og med vindkast opp i orkan styrke klarte ikkje Hurtigruten å legge til kai i Ålesund i dag. Fleire anløp er innstilte eller forseinka på grunn av vêret.

Bilar i kø ved Borlaug i Lærdal

KØ: Bilar ventar på Borlaug i Lærdal for å komme seg over Filefjell eller Hemsedalsfjellet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fjellovergangar i Sør-Noreg (oppdatert laurdag kl. 17:00):

  • E16 Filefjell: Opna for trafikk.
  • E134 Haukelifjell: Kolonne
  • Rv 7 Hardangervidda: Kolonne
  • Rv 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering måndag kl. 12.
  • Rv 15 Strynefjellet: Opna for trafikk.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Opna for trafikk.
  • Fv 50 Hol – Aurland: Opna for trafikk.
  • Fv 53 Årdal–Tyin: Opna for trafikk.