Hopp til innhold

Hødd sigra etter ekstraomgangar

I det 118. minutt avgjorde Pål André Helland 3. rundekampen på Høddvoll i favør Hødd. Etter ein stikkar frå Erik Sandal, chippa Helland elegant inn avansementet til 4. runde i NM. – Eg hadde syre opp til halsen, seier cuphelten.

Pål André Helland

AVGJORDE: Pål André Helland avgjorde cupkampen mot Sarpsborg 08.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det starta derimot dårleg for Hødd. Den første halvtimen av kampen hørte til bortelaget Sarpsborg 08. Østfold-laget kom derimot ikkje til dei enorme målsjansane.

Utover i omgangen kom Hødd betre med, og Pål André Helland var mellom nære ved å gi Hødd leiinga etter to skot.

– Vi var dårleg den første halvtimen. Derfrå og ut var vi betre enn eit godt Sarpsborg, seier Helland.

Men sjølv om Hødd tok over det siste kvarteret i første omgang, så var det bortelaget som scora 1–0.

Etter eit kjapt angrep enda ballen i føtene på Stanley Ihugba. Backen – som prøvespelte for Hødd vinteren 2011 – slo inn, der Morten Giæver avslutta til 0–1.

Standal utlikna

I andre omgang måtte Hødd ha scoring, og frå første minutt jaga dei. Både Helland, Erik Sandal og Eirik Heltne kom til store sjansar, men første i det 67 minutt kom utlikninga.

Hødd-kaptein og midtstoppar Fredrik Klock slo langt opp mot Espen Standal. Spissen frå Ørsta tok ned fint, drog vekk fleire mann, før han banka ballen forbi Sarpsborg 08-keeper Frode Larsen.

Begge lag hadde moglegheiter til å avgjere til 2–1 eller 1-2, men ingen klarte det før full tid. Dermed måtte det ekstraomgangar til.

Sarpsborg kunne heada seg til 4. runde

I ekstraomgane var bortelaget nærast scoring. I første ekstraomgang var Ole Heierem Hansen nære på ei heading, men upressa heada han utanfor.

I andre ekstraomgang var det Nicolay Solberg som kanskje burde scora.

Ballen blei slått fint inn til Solberg, som fekk hovudet på ballen. Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland var derimot med på notane, og avverja.

Dermed gjekk det mot straffesparkkonkurranse. I staden avgjorde Hødd.

– Mjølkesyre i heile kroppen

I det 118 minutt fekk Erik Sandal ballen. Han spelte fint vidare til Pål André Helland, som chippa ballen elegant over Frode Larsen i Sarpsborg-buret.

– Scoringa var fin nok den. Det var ei strålande pasning frå Erik Sandal, der eg får slept kroppen opp i fart. Eg må innrømme at eg hadde mjølkesyre opp til halsen, seier Helland.

Men trønderen fann roa, og venta ut keeper før han chippa inn 2–1 og cupavansement.

– Det var ein fantastisk følelse når ballen gjekk inn. Først og fremst fordi det var så utruleg fortent, fortel Helland.

– Det var rett og slett utruleg viktig og herleg å få inn sigeren når vi spelte så bra som vi gjorde.

No er Hødd i 4. runde i cupen for første gong på 11 år, og trønderen Helland

Dermed gjer Hødd som sine fylkesnaboar Molde og AaFK: Dei avanserer til 4. runde i cupen. For Hødd er det første gong på 11 år at dei er klare for 4. runde.

– No håper eg på Rosenborg i 4. runde, avslutta Helland.

Lagoppstilling Hødd:

  • Ørjan Håskjold Nyland
  • Akeem Latifu
  • Fredrik Klock
  • Steffen Moltu
  • Ruben Kenneth Brandal
  • Eirik Heltne
  • Sivert Heltne Nilsen
  • Pål André Helland
  • Erik Sandal
  • Christian Mork
  • Espen Standal

Benken:

  • Jan Lennart Urke
  • Thomas Lid Kleppe
  • Victor Grodås
  • Kazeem Ahemd
  • Elias Nonso Lala
  • Fredrik Aursnes
  • Michael Karlsen

Lagoppstilling Sarpsborg 08:

  • Frode Larsen
  • Kjetil Berge
  • Ole Heieren Hansen
  • Magnar Ødegaard
  • Claes Jørgensen
  • Stanley Ihugba
  • Eirik Jonvik
  • Nicolay Solberg
  • Morten Giæver
  • Mohamed Elyounoussi
  • Martin Wiig

Benken:

  • Haraldur Bjørnson
  • Alvaro Baligorri
  • Mathias Engebretsen
  • Mehmed Divanovic
  • Berat Jusufi
  • Tom Erik Breive
  • Øyvind Hoås

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL