Hopp til innhold

Klatra til tredjeplass etter ny bortesiger

Etter nok ein bortesiger, og 10 spelte kampar, ligg Hødd på tredjeplass i 1. divisjon. – Noko på gang, seier Erik Sandal.

Standal og Sandal

Espen Standal (med ryggen til) og Erik Sandal jublar her for scoring på Høddvoll. Borte mot Elverum var den namnelike duoen sentral.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Onsdag blei det ein svært sur cup-exit for Hødd, då Molde gjekk vidare frå 3. runde etter straffesparkkonkurranse på Høddvoll.

Borte mot Elverum ville Hødd revansjere seg.

– Skuffelsen etter cuptapet sat litt i, det må eg innrømme. Eg tenkte på det litt utpå fredagen, men i dag var vi fullt fokuserte mot Elverum. Det blei stor idrett.

Det seier Hødd-veteran Erik Sandal etter 2-0-siger borte mot tabelljumboen i 1. divisjon.

Tidleg straffebom

Før kampen låg Hødd på fjerdeplass, sju poeng bak serieleiar Ranheim. Hødd hadde derimot éin kamp mindre spelt enn motstandarane.

Denne søndagen var det berre Elverum mot Hødd og Follo mot Bryne som stod på speleplanen. Begge kampane er anten flytta eller utsett.

I Elverum var det heimelaget som styrte kampen i opningsminutta. Etter berre fem minutt heada Emeh Izuchukwu i tverrliggjaren.

Etter hardt heimepress kom Hødd betre med i kampen, og etter ni minutt blei Victor Grodås felt i motstandaren sin 16-meter.

Frå straffemerket sende derimot Akeem Latifu ballen i stolpen.

– Vi rota litt i innleiinga av kampen, men etter det har vi god kontroll, fortel Sandal til NRK.

Erik Sandal (t.h.) jublar over cupfinalebillett.

Victor Grodås (t.v.) sikra Hødd-straffespark som blei brent, medan Erik Sandal scora 2-0-målet i det 82. minutt.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

Standal og Sandal

Hødd tok etter kvart over kampen, og etter 16 minutt kom 0-1.

Midtbanespelar Erik Sandal svinga inn eit frispark på flott vis, der spiss Espen Standal fekk heada ballen i mål frå kort hald til Hødd-leiing.

1-0 til Hødd stod seg til pause, og etter kvilen heldt Hødd fram med å kontrollere kampen. Elverum var nære 15 minutt før slutt, men i det 82. minutt punkterte Hødd kampen.

Fredrik Aursnes tok med seg ballen framover, før han trilla ballen vidare til Erik Sandal. Med fleire gode touch kom Sandal seg forbi Elverum-forsvaret, før han banka inn 2-0 til Hødd.

Det blei også sluttresultatet, og Hødd tok sin tredje bortesiger for sesongen. Kampen gjorde i tillegg at blåtrøyene frå Ulsteinvik klatra opp til tredjeplass med 21 poeng.

– Pratar innad om å vere med oppi

Midtbanegeneral Sandal meiner Hødd gjennomførte ein svært solid bortekamp.

– Vi står fram godt som lag og jobbar for kvarandre. I tillegg malar vi på heile vegen, noko som gjer at vi får 2-0 rett før slutt.

– Tredjeplass etter 10 spelte kampar, kva tenkjer du om det?

– Det fortel at vi gjer ein god jobb og at vi har noko på gang. Det er tidleg i sesongen no, men det er opp til oss sjølve i år, meiner Sandal.

I 1. divisjon rykkjer dei to øvste direkte opp til Eliteserien. Tredje- til sjetteplass spelar kvalifisering etter sesongslutt.

– Vi har ikkje noko overordna mål om topp seks, men vi pratar sjølvsagt innad i laget om å vere med oppi der. Men vi kan ikkje gå rundt og tenkje på det. Vi må gjere vårt beste, og vi veit at vi er gode på vårt beste. Så gjeld det å gjenskape det nivået ofte nok.

– Det gjer ikkje deg noko om Hødd må spele litt ekstra kampar etter sesongslutt?

– Nei, det tek vi eventuelt som ein bonus. Skulle det skje at vi er oppi toppen mot slutten av sesongen, så tek vi imot alt som kjem med opne armar, avsluttar Erik Sandal.

Erik Sandal

Erik Sandal sette spikaren i kista då Hødd vann 2-0 borte mot Elverum. Her takkar han publikum etter ein heimekamp på Høddvoll tidlegare i år.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix