Hopp til innhold

Hjellegjerde kan vere redda

Møbelkonsernet Hjellegjerde er førebels berga etter at dei har inngått ein avtale med selskapet Interstil. Men først må ei ekstraordinær generalforsamling ta stilling til tilbodet.

Hjellegjerde i Sykkylven
Foto: NRK

Møbel- og interiørselskapet Interstil får etter avtalen full kontroll over Hjellegjerde.

57 prosent av aksjonærane har alt sagt ja til avtalen, men dei treng 67 prosent for at avtalen skal vere gjeldande. Dette blir avgjort på ei ekstraordinær generalforsamling.

Les også: - Vi er nærmere en trygg fremtid

Eigarane av Hjellegjerde sa for ei veke sidan nei til ein liknande avtale, men Interstil auka tilbodet sitt frå fem til femten øre per aksje.

Les også:

Eigenkapitalen til Hjellegjerde var brukt opp, og 400 arbeidsplassar i konsernet var i fare.

- Avgjerande

Administrerande direktør Olav Inge Røyset i Hjellegjerde seier at det var svært viktig for verksemda å få på plass denne avtalen med Interstil.

– Det var heilt avgjerande at vi no fekk på plass denne løysinga i natt, seier Røyset til NRK.

Adm.dir. Olav Inge Røyset

Administrerande direktør Olav Inge Røyset i Hjellegjerde.

Foto: ukjent

Eigarane av Hjellegjerde sa sist veke nei til ein liknande avtale med Interstil, men dei største aksjonærane snudde då tilbodet blei auka frå fem til femten øre per aksje.

– Det har vore ein seriøs løysning som har lege på bordet. Den var godt gjennomarbeidd av styret og leiinga. Vi har heile tida følt at dette har vore ei veldig god løysing for selskapet.

- Dei har ein plan

– No har vi ein seriøs aktør i andre enden som har ein strategi som går ut på at ein skal lukkast med Hjellegjerde, seier Røyset.

Avtalen sikrar kapitalbehovet på kort sikt. Røyset meiner at avtalen også vil gi eit langsiktig eigarforhold.

– Interstil satsar mykje pengar. Ein gjer ikkje slike investeringar utan at ein har ein plan med dei. Dette må vi sjå slik at Interstil har sikra seg kontroll i Hjellegjerde dersom transaksjonen går gjennom. Eg trur vi skal vere sikre på at dei har ein plan med eigarskapet, seier Røyset.