Historisk overgrepsdom blir ståande

Høgsterett vil ikkje behandle på nytt den omfattande overgrepssaka mot ein mann på Nordmøre i 50-åra. Dermed blir ein av noregshistorias strengaste dommar ståande. Mannen blei i mai dømd i tingretten til 19 års fengsel for over 100 overgrep mot filipinske småjenter. Han varsla umiddelbart at han ville anke, men anken blei forkasta først av lagmannsretten og no også av Høgsterett. Mannen har vedgått det meste av det han var skulda for, men nektar framleis for å ha forgripe seg mot sitt eige barn.