I heimbyen har hundrevis av fans samla seg søndag kveld for å feire gullet til Molde Fotballklubb. I ein nervepirrande kamp som bikka fram og tilbake, klarte Etzaz Hussain til slutt å sikre 0–1 over Lillestrøm på overtid.
– Eg kjenner ekstrem stor takksemd overfor MFK. Det er heilt fantastisk og eg er så stolt, seier Isabelle Nerland i supporterklubben Tornekrattet.
Ho har tatovert inn «Evig troskap Molde FK» på eine armen. Det skjedde då Molde FK tok sitt første gull i 2011. I kveld fekk ho oppleve det femte gullet.
– Det er så fortent, kvart einaste eitt, seier ho.
Isabelle Nerland har tatovert «Evig troskap, Molde FK» på armen.
Foto: Tore Ellingseter / NRKMolde har vunne 21 av 26 kampar og vinn gullet med 66 poeng.
Sleit med å halde tårene tilbake
For den sentrale spelaren Magnus Wolff Eikrem har det vore eit heilt spesielt år. Tidlegare i haust døydde sambuaren hans etter lengre tids kreftsjukdom.
Etter kampen blei Eikrem spurt om korleis han rangerer årets seriegull.
– Alltid det siste er det beste. Det som skjedde i år er liksom så spesielt. Eg er så glad, og no skal vi feire. Vi skal berre ha positive tankar i dag, sa Eikrem til Discovery som sleit med å halde tårene tilbake.
Her feirar Magnus Wolff Eikrem og resten av gjengen at dei har vunne.
Foto: Rodrigo Freitas / NTBSein fest i Molde ventar
Ole Erik Stavrum er ein svært stolt MFK-direktør som feirar saman med fleire hundre andre i Molde søndag kveld.
– Det er heilt fantastisk. Vi har krona ein heilt utruleg sesong. Vi har blitt meister, og det er heilt utruleg måten vi gjer det på, seier Stavrum.
Ole Erik Stavrum er direktør for Molde FK. Søndag kveld feira han.
Foto: Tore Ellingseter / NRKMoldespelarane blei hylla som heltar også på Lillestrøm stadion. Om kort tid set dei seg på fly tilbake til heimbyen. Der blir det fest til langt på natt.
– No kjem spelarane tilbake med første fly og så feirar vi gullet saman med gutta boys. Det blir ein heidundrandes fest her, ler Isabelle Nerland.
Molde har blitt seriemeistrar i 2011, 2012, 2014, 2019 - og no også i 2022.
Her er tatoveringa til Isabelle Nerland.
Foto: Tore Ellingseter / NRK