Hopp til innhold

TV-pris for NRK-dokumentaren "Farlege fjell"

Journalist Gunhild Sætre, NRK Møre og Romsdal mottok fredag pris for dokumentaren "Farlege fjell".

Prisutdelinga skjedde i samband med Circom-festivalen i Bilbao i Spania.

 

Pristildelinga i Bilbao
Foto: NRK

Programmet ”Farlige fjell” vart første gong sendt på NRK1 i juni i fjor. Programmet vart laga av journalist Gunhild Sætre og fotograf Svein Winther.

Øyvind Sandnes stod for redigeringa medan Kjell Jøran Hansen laga grafikken til dokumentaren.

 

Åkernesremna

Programmet handla om kartlegginga av Åkernesremna og dei vitskaplege avsløringane av konsekvensane eit ras kan få for bygdene langs Storfjorden på Sunnmøre. Programskaparane har følgt arbeidet med rassikring av farlege fjellparti i Møre og Romsdal tett sidan 1998.

 

Opptak til "Farlege fjell"
Foto: Odd Kristian Dahle. / NRK

- Denne prisen er til stor inspirasjon og glede for programarbeidet i NRK Møre og Romsdal og ei svært hyggeleg stadfesting på at vi leverer program av høg internasjonal kvalitet, seier distriktsredaktør i NRK Møre og Romsdal, Hallstein Vemøy.

Det er sjette gongen distriktskontoret vinn ein internasjonal fjernsynspris. Sist det skjedde var i 1991.

 

Konkurranse

Circom Regional er ei samanslutning av regionale tv-kringkastarar i Europa og har ein årleg konkurranse for å premiere framståande programskaping i ulike kategoriar. I år er det delt ut åtte prisar i sju kategoriar, og NRK Møre og Romsdal fekk prisen for høgkvalitetsjournalistikk i dokumentarklassa.

Det var i år rekordmange nominerte til Prix Circom Regional, og 183 programforslag frå 24 forskjellige land var med i konkurransen.

Prisen for høgkvalitetsjournalistikk i dokumentarklassa i Prix Circom Regional er eit spesialdesigna trofe og 3.000 euro.