Havørnene mister livet i kollisjon med vindturbinane

Dei siste ti åra er det funne 49 drepne havørner i vindparkområdet på Smøla. Enkelte meinte at havørnene ville tilpasse seg vindturbinane, men det har dei ikkje gjort.

Dei siste ti åra er det funne 49 drepne havørner i vindparkområdet på Smøla.

Sjå videoen: Forskar Espen Lie Dahl har følgt havørnene på Smøla tett dei siste ti åra. Mange av dei kolliderer med vindturbinane.

Død havørn på Smøla

Dei siste ti åra har det blitt funne 49 havørner som har blitt drepen.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

For 10 år sidan bygde Statkraft 68 vindturbinar på Smøla midt i det området der havørna budde tettast. Fuglefolk var kritiske til å ta i bruk området, andre meinte at havørna etter kvart ville lære å tilpasse seg turbinane.

No ser forskarane at kritikarane hadde rett. Havørna klarer ikkje å endre oppførselen i det heile teke.

– I dette reiret har eit havørnpar hekka og lege på egg, men dei har gitt opp i løpet av mai, seier forskar Espen Lie Dahl ved Norsk Institutt for Naturforsking. Berre restar etter egget ligg att.

Vert forstyrra

Havørnreir

I dette reiret har eit par berre gitt opp å ruge på egget.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

I ti år har han følgt med havørnene på Smøla. For seks år sidan fann han den einaste ungen som vaks opp i vindkraftanlegget det året i det same reiret. No har det vore utskifting fordi den eine vaksne havørna døydde og ein ny make kom inn.

Det viser seg at para som hekkar nært vindturbinane har mindre sjansar til å lykkast enn dei som hekkar lengre frå. Det er høgare dødelegheit og dei vert så forstyrra at fleire finn seg andre område.

Andre overtek reiret

Når havørna inne i anlegget døyr eller flyttar, er likevel ikkje problemet løyst. Det forlatne området vert nemleg ikkje liggjande ubrukt. Andre fuglar ser moglegheiter og vil flytte inn.

– I tillegg til dei fuglane som har ein partner som er etablert med eit reir, finnast det også fuglar utan partnar og reir som står klare til å flytte inn, forklarer Lie Dahl.


Høge dødstal

Espen Lie Dahl

Havørnbestanden er mindre enn ein først trudde, har Espen Lie Dahl funne ut.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Naturen her verkar som ein magnet på yngre havørner. Dødstala viser difor ingen teikn på nedgang. I løpet av dei åra der dei har søkt intensivt med hund etter kollisjonsdrepte fuglar fann forskarane i snitt 7–8 havørner per år. Ca ein av tre vaksne som døyr, mister livet på grunn av kollisjon med ein vindturbin.

Espen Lie Dahl har i fleire år samla fjøra for DNA-analyse. Det har gitt meir eksakt kunnskap om havørna på Smøla.

– Det viser seg at bestanden er mindre enn vi trudde. Dei såg først for seg at det var 65 par, men i røynda er det berre mellom 45 og 50 par, seier Lie Dahl.

Ingen tiltak


Hittil har det blitt funne 49 drepne havørner i terrenget på Smøla. Så langt er ingen tiltak sett i verk for å hindre at den totalfreda havørna skal kollidere med turbinane. Fuglane har berre vorte overvaka på ulikt vis.