Hopp til innhold

Hastar å finne nye gassfelt

Aldri før har Noreg eksportert så mykje gass som i fjor. Men gassproduksjonen vil gå ned om tre år dersom selskapa ikkje finn meir gass på sokkelen. No er landanlegget på Nyhamna oppgradert for å ta imot gass frå nye felt.

Polarled kommer inn til Nyhamna

Nyhamna Expansion gjer det mogleg for anlegget å ta imot gass frå fleire felt. Landanlegget står på Nyhamna i Aukra i Møre og Romsdal.

Foto: Lillian Aasheim / Shell

I ti år har gass frå Ormen Lange-feltet utanfor norskekysten ført verdiar for 350 milliardar kroner inn i statskassa.

Torsdag markerte Shell, Gassco og Kverner at utbygginga av landanlegget på Nyhamna i Aukra i Møre og Romsdal no er ferdig.

Per Atle Strømme i Gassco

Per Atle Strømme i Gassco seier det er behov for å finne nye gassfelt i dei komande åra.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Gassen som kjem herifrå dekker i dag over 20 prosent av Storbritannia sitt gassforbruk.

– Vi vil ikkje kunne halde oppe dei høge gassleveransane som vi har hatt til no utan nye funn, og at desse kan gå inn i eksisterande gassinfrastrukturane som her på Nyhamna, seier Per Atle Strømme, seniorspesialist i Gassco.

Aldri før har så mykje gass blitt eksportert frå norsk sokkel og vidare ut i Europa som i 2017. Samtidig viser tal frå Gassco at Noreg må finne meir gass og nye felt dersom produksjonen ikkje skal gå ned om tre år.

Kan ta imot gass frå fleire felt

Mark Wildon

Mark Wildon, prosjektdirektør i Shell, vektlegg at utbygginga av Nyhamna gir moglegheiter til å ta imot gass frå enno fleire gassfelt enn i dag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Den omfattande utbygginga på Nyhamna har halde på i fleire år. Om lag 7000 arbeidarar har jobba for å gjere landanlegget på Romsdalskysten til eit viktig gassknutepunkt.

No står endeleg anlegget klart til å ta imot gass frå enno fleire felt.

– Verdiskapinga frå Ormen Lange dei siste ti åra har vore fantastisk, men vi trengde betre kompresjon på land som kunne få meir ut av feltet og auke produksjonen frå reservoaret, seier Mark Wildon, prosjektdirektør i Shell.

– Det at Nyhamna no kan ta imot gass frå fleire forskjellige kjelder gir også moglegheita til å skape store verdiar for samfunnet, seier Wildon.

Vinteren kommet til Nyhamna

Gassproduksjonen frå Ormen lange-anlegget på Nyhamna i Aukra har gitt 325 milliardar kroner til fellesskapet sidan starten for 10 år sidan.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Motorveg for gass til Europa

Blant utbetringane som er gjort, er det 482 kilometerlange røret Polarled som blei fullført i september 2015. Dette skal føre gass frå Aasta Hansteen-feltet i Norskehavet til Nyhamna når feltet kjem i drift.

– Forhåpentlegvis vil Nyhamna bli ein viktig ny motorveg for gass. Håpet er at nye felt vil kome inn til Nyhamna for behandling før det blir eksponert vidare til kundar på kontinentet og i Storbritannia, seier Strømme.

Det er dei som vil ta over operatøransvaret for Nyhamna når Aasta Hansteen blir sett i drift.

Nye lisensar gjev nye moglegheiter

Denne veka fekk Shell tildelt to nye lisensar å leite på, der den eine ligg like i nærleiken av Ormen Lange-feltet.

– Eg trur at både Shell og andre selskap kjem til å leite etter moglegheiter til å bruke den kapasiteten til å forsyne gass til marknaden i Europa, seier Wildon.