Hopp til innhold

– Storbritannia treng gass frå Nyhamna i lang tid

Den britiske ambassadøren i Noreg besøkte i dag det viktigaste gassanlegget for Storbritannia. Godt over 20 prosent av gassen som blir brukt på dei britiske øyane kjem frå Nyhamna på Aukra.

Den britiske ambassadøren på Nyhamna

Den britiske ambassadøren i Noreg, Sarah Gillett besøkte Nyhamna i Aukra i dag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er første gongen den britiske ambassadøren er på Nyhamna. Og det er ikkje tilfeldig at ho ville besøke akkurat dette anlegget.

– Det er verkeleg flott å få stå ved sidan av røyrleidningen som forsyner oss med 20 prosent av all gall som blir brukt i Storbritannia, seier ambassadør Sarah Gillett til NRK.

– Energi viktig i forholdet Noreg-Storbritannia

Millionar av britar får gassen sin frå røyrleidningen Langeled på strekninga Aukra til Easington. På vegen frå Ormen Lange via Nyhamna tek røyrleidningen også med seg gass frå Sleipner- og Trollfeltet.

– Energi er ein svært viktig del av forholdet mellom Storbritannia og Noreg. Noreg er det landet som forsyner Storbritannia med mest energi. Og Nyhamna er ein svært viktig del av dette fordi gassen frå det store Ormen Lange-feltet er ein vesentleg del av gassforsyninga, seier Gillett.

– Vekst på Nyhamna

Anlegget på Nyhamna har no vore gjennom ei utbygging for å gjere det klart til å ta imot gass frå Aasta Hansteen-feltet og andre felt i Norskehavet. Dermed kan Nyhamna kome til å sende endå meir gass til dei britiske øyane.

– Nyhamna har gått gjennom ei stor endringsfase. No er det plass til meir gass her, vi får inn ein litt annan eigarstruktur og alt ligg til rette for vekst i framtida, seier kommunikasjonssjef Kitty Eide i Norske Shell.

– Behov for gass i lang tid

Norske Shell reknar med at Nyhamna kjem til å spele ei viktig rolle i norsk gasseksport i fleire tiår framover.

Vi kjem til å ha bruk for gass frå Noreg i lang tid, seier ambassadør Sarah Gillett til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL