Hopp til innhold

Har håp om å finne sakna kvinne (26) i live

Politiet skal i dag bruke helikopter i søket etter den sakna tyske kvinna i Rauma. Dei held alle moglegheiter opne om at ho skal vere i live.

Sakna kvinne Romsdalseggen

Kvinna som er tysk statsborgar er sist sett ved Romsdalseggen i Rauma.

Foto: Privat/Politiet

Den 26 år gamle kvinna blei meldt sakna då ho ikkje kom tilbake til Oslo, etter ein tur i Rauma. Politiet gjekk tysdag ut med etterlysing av kvinna.

Siste sikre observasjon var ved Romsdalseggen for seks dagar sidan.

Politiet jobbar no for å legge ein vidare plan for leitinga saman med operasjonssentralen og hovudredningssentralen. Det skal blant anna settast inn helikopter i søket.

– Vi må sjå kvar vi er etter gårsdagens søk og sjå kva vi treng å gjere meir av før vi går vidare med vidare søk i dag. Vi har søkt over Romsdalseggen og spesielle område som vi er interessert i, seier politistasjonssjef i Rauma, Roar Mordal Hilde.

Lensmann

Politistasjonssjef i Rauma, Roar Mordal Hilde, seier at leitearbeidet etter kvinna er utfordrande fordi dei har avgrensa informasjon.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Sjekke hytter

I går blei det leita både med redningshundar, mannskap og drone. Hilde seier dei no går gjennom den informasjonen dei så langt har fått inn.

Dei skal mellom anna vurdere om det er område dei bør sjå nærare på. I går gjekk politiet også ut og bad hytteeigarar om å sjekke hyttene sine.

– Det ber vi framleis om, slik at vi også kan få hjelp til det. Vi ber også om at dei som har observasjonar av kvinna tek kontakt med oss.

Kvinna blei sett av vitne då ho gjekk på tur. Ho skal ha gått sørover frå Nesaksla til Vengedalen, der ho skulle ta inn på ei hytte.

Politihelikopter er sett inn i søket etter sakna tysk kvinne i området Romsdalseggen i Rauma

Det er sett inn politihelikopter i søket etter kvinna.

Foto: Arnt Morten Olsen

Håp om å finne henne i live

Hilde seier at leitearbeidet delvis er utfordrande.

– Det er krevjande i den grad at vi har avgrensa informasjon, men vi har søkt i dei mest naturlege områda og skal etter kvart vurdere om vi blir nøydd til å utvide søket.

Politistasjonssjefen seier at dei framleis har eit håp om å finne kvinna i live.

– Vi held alle moglegheiter opne, seier Hilde.

Politiet har sikra data både frå kommunikasjonen kvinna har hatt med vener og familie og signala telefonen hennar har hatt opp mot basestasjonen i området. Data stadfestar at ho har vore i området rundt Romsdalseggen torsdag i førre veke.

Også spansk kvinne er sakna

Politiet leitar med drone etter ei kvinne som er sakna på Romsdalseggen.

Politiet har brukt drone i søket etter den sakna kvinna.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Frå før er ei 75 år gamal spansk kvinne sakna i same området. Ho har vore sakna sidan 6. juli. Leitinga etter den spanske kvinna blei først sett i gang førre veke. Denne aksjonen er førebels avslutta på grunn av mykje snø i området.

Hilde seier han berre kan svare generelt på at det er to saker med sakna kvinner i same området.

– Eg trur ikkje eg skal seie så mykje om at vi har hatt to slike saker på rappen. Men det kan jo vere at det er forskjellar på forståinga på kor krevjande dette området er, alt ettersom du er frå Noreg eller kjem frå ein annan kultur.

Politihelikopter leiter etter sakna tysk kvinne ved Romsdalseggen i Rauma

Det er mykje snø i området der politihelikopteret søker. Også ei spansk kvinne er sakna.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK