Hopp til innhold

Har du hugsa å stille klokka tilbake?

Natt til søndag markerte avslutninga på sommartid, og dermed skal klokka stillast ein time tilbake.

Stille klokka

Natt til søndag 25. oktober skal klokka stillast ein time tilbake.

Foto: Arne Kristian Gansmo, Eirik Solhem / NRK

Søndag 25. oktober er den siste søndag i oktober, og dermed må ein hugse å stille klokka ein time tilbake frå sommartid til normaltid (vintertid).

Sommartid vart innført i ein rekke land i Europa for første gong i 1916, under første verdskrig. Årsaka då var rett og slett energisparing. Skrudde ein klokka fram, fekk ein dagslys ein time lenger om kvelden på sommaren.

I dag er den enkle forklaringa at EØS-avtalen seier at vi skal gjere det, gjennom eit EU-direktiv frå 2001. Alle medlemsstatar skal stille klokka ein time fram siste søndag i mars, og tilbake siste søndag i oktober

I Noreg stiller vi klokka til sommartid den siste søndagen i mars.

Fram eller tilbake?

Det store spørsmålet som mange stiller seg denne dagen er ofte: «Skal ein stille klokka fram eller tilbake?».

Ein enkel hugseregel er at vi ser fram mot sommaren, og dermed skrur vi klokka fram mot våren. På same måte ser vi tilbake på sommaren som var, og dermed stiller vi klokka ein time tilbake om hausten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL