Hopp til innhold

Har brukt millionar for å «forske» på troll

I jakta på mystikk har viltkamera og lydutstyr blitt utplassert i fjellområdet Trollheimen.

Troll i Trollheimen

Trollet Storli skal vere det eldste og største trollet i Trollheimen. Figuren er utvikla etter inspirasjon frå viltkamera og lydopptak.

Foto: Åse Børset

Trollheimen. Segna seier at fjellområdet, som strekker seg frå Møre og Romsdal til Trondheim, er der trolla bur. Du oppdagar dei ikkje på dagtid, for då ser dei berre ut som fjell og steinar, men på nattetid skjer det.

– Vi som kjem her ifrå kjenner Trollheimen som eit mystisk fjellområde, med mykje mytar og segn, seier Gøran Bolme, dagleg leiar i reiselivsbedrifta iTrollheimen.

I sju år har bedrifta jobba med eit hemmeleg trollprosjekt. Mellom 30 og 40 lyttebokser har vore utplassert i dei ulike dalane, i tillegg til viltkamera.

Dei har brukt opp mot 3 millionar kroner på å «forske» på troll, med støtte frå blant anna Innovasjon Noreg og regionalt forskingsfond i Trøndelag.

Gøran Bolme, dagleg leiar i iTrollheimen

Rundt om kring Trollheimen har Gøran hatt vilkamera og lyttebokser for å fange mystikk.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Les også Mannbjørnen: Er historien om drapsbjørnen på Møre sann?

Mannbjørn: Gjertrud Larsdatter Henden

Univers av troll

– Eg forstår at folk er skeptisk. Det er noko som heiter angst for endring, seier Bolme.

Lydane og bileta som er samla inn blir no brukt som inspirasjon for å bygge opp eit eige trollunivers. Universet består av åtte troll som alle har ulike personlegdommar og utsjånad. Kvart av trolla har sine oppgåver for å ta vare på naturen.

Gjennom trolla skal turistar, barnefamiliar og barnehagar lære om naturen.

– Vi vil bruke trollet sin mystikk og kraft for å formidle det som mange ser på som kjedeleg. Vi vil at folk skal lære av trolla for å ta vare på naturen. seier Bolme.

Bileta frå viltkamera er sendt til trollkunstnaren Ivar Rødningen, som har forma ut dei ulike figurane.

Lydfilene har musikar Henning Sommerro brukt for å arrangere trollmusikk. Lyden av vind, rennande elv og natur ligg i bakgrunnen. I tillegg har Bolme og kollegaene laga bok.

Troll i Trollheimen

Trollet Bøllu er ein av figurane i universet reiselivsbedrifta har skapt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Turistane forventar troll

På Nordmøre og Romsdal er det over 200 fjell og stader som har ordet troll i seg.

Spesielt utanlandske turistar spør seg kvar trolla er.

– Dei trolla du finn på Hurtigruta og Gardermoen er ikkje ordentlege troll, smiler Bolme.

Hans bedrift jobbar no med ei digital løysing for at folk skal møte troll i eit område i fjellheimen, ein slags trolldetektor.

Trollet Fausk frå iTrollheimen

Figuren Fausk ser ut som eit dødt tre. Han har ansvar for nedbrytinga og døden i naturen

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Barna kjem tettare på

Ein som kan å bruke tusser, troll, huldrer og underjordiske i formidling til barn er Nils Tore Økland. Han samlar inn segner og har tidlegare vore dosent ved lærarutdanninga på Høgskulen i Vestlandet.

– Det er mange merkelege ting i naturen. Det er vanskeleg å forstå korleis store steinar har hamna i landskapet. Det kan vere holer i fjellet og steinrøyser. Dette kan segner og eventyr gi forklaring på, seier Økland.

Han trur at ved å gjere landskapet levande for barna gjennom historier vil dei sette pris på naturen på ein annan måte.

Trur barna på troll framleis?

– Ja, når dei får slike forteljingar trur dei på det, seier Økland.

Gøran Bolme ved iTrollheimen sitt aktivitetssenter i Trollheimen

Bedrifta iTrollheimen har eit eige aktivitetssenter i Trollheimen. Lavobygget skal ha plass til 100 personar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK