Busselskapa har frist til neste fredag om dei godtar den nye fireårige ruteavtalen med fylket, før det blir forhandlingar om dei nye rutene frå mai neste år.
Men inntil vidare taper busselskapa pengar kvar dag på grunn av dei høge drivstoffprisane.
Det har difor vore antyda at det kan resultere i høgare billettprisar eller at fleire ruter blir lagt ned.
- Sit i klisteret
- Dei høge drivstoffprisane gjer at vi sit litt i klisteret med den gamle avtalen, seier administrerande direktør Magne Hetle i Fjord1 Buss Møre.
Men han vedgår at dei må sjå innteninga over heile avtaleperioden, som er fire år.
Busselskapa har imidlertid blitt ramma hardt av høge drivstoffprisar, og fleire har kutta i trafikksvake ruter i utkantane.
Det har vore varsla at ein kanskje må kutte 500 000 kilometer med bussrutekøyring neste år.
Gunstig utvikling
Framfor forhandlingane er samferdselsdirektør Arild Fuglseth noko meir optimistisk.
Ei gunstig utvikling, det vil seie lågare prisar på drivstoff, gjer at Fuglseth håpar å unngå eit redusert tilbod. Han opnar likevel for at det kan prisjusteringar som inneber dyrare billettar.