Hopp til innhold

Han vil bli Noregs eldste

Han lever som han skulle døy i morgon, men planen er å bli 126 år. Bjørn Jørgensen (73) trur han har funne oppskrifta.

Bjørn Jørgensen

Sjå TV-reportasjen: NRK blei med Bjørn Jørgensen på fjelltur i Eidsdal på Sunnmøre. Undervegs fortel 73-åringen om korleis han planlegg å leve i over 50 år til.

Bjørn Jørgensen

Utfordringar og naturopplevingar. Det er sjølve livskjelda for Bjørn Jakobsen som ønskjer å bli heile 126 år gammal.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Om eg bommar undervegs, så får eg håpe at eg er tilgitt på det, men det er iallfall målsetjinga: Å bli den lengstlevande i Noreg, seier Bjørn Jørgensen om den hårete ambisjonen.

– Det er fordi eg brenn for kosthald og fysisk aktivitet. Eg har ikkje vore sjuk ein dag i mitt liv som eg veit om, legg han til.

Vil bli 126 år gammal

Eidsdal

Mosjon og vakker natur. To viktige ingrediensar for å leve eit langt og godt liv, meiner Bjørn Jørgensen.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Viktigast av alt er å stadig finne nye utfordringar som ein kan prøve seg på- anten det er i fjellheimen eller ute i den store, vide verda. Naturen byr på mykje boltreplass og 73-åringen har alltid ein ny plan. Nest på lista er padling frå Grønland til Amerika, og sidan ein tur til Kirgisistan.

– Eg kjem meg ut i naturen. Det skal eg halde på med heile tida, slik at eg slepp å sitje på gamleheimen og angre på alt eg skulle ha gjort. Livet får vi ikkje i reprise, seier den eventyrlystne pensjonisten.

Godt kosthald

Bjørn Jørgensen

Mykje frukt og grønt gir eit godt fundament for ein livssterk kropp.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Slik ser han for seg at han skal halde på i mange år. For å klare det, prøver han å gi kroppen eit best mogleg grunnlag gjennom kosthaldet.

– Eg et mellom ti og tolv porsjonar med frukt og grønt kvar dag. Alt dette er medisin for kroppen min, seier han og legg til at han alltid startar dagen med blant anna linfrøolje.

I løpet av fjellturen og intervjuet med NRK tetnar skodda til ved Skårne i Eidsdal på indre Sunnmøre. Dermed vart det ingen tur heilt til topps denne gongen. Men det tek ikkje motet frå den spreke pensjonisten. Går det som planlagt, har han trass alt temmeleg god tid på seg til å ta turen på nytt.