Hopp til innhold

Tilbake i drift frå klokka 14.30

Ferjesambandet mellom Hareid og Sulesund har vore ute av drift på grunn av tekniske problem sidan klokka 13.00 søndag. Klokka 14.30 er B-ferja tilbake i drift.

Hareid Sulesund

Arkivfoto: B-ferja på sambandet mellom Hareid og Sulesund er innstilt inn til vidare.

Foto: Roar Strøm / NRK

Klokka 14.00 melder ferjeselskapet at det blir normal drift igjen frå Sulesund klokka 14.30.

Hadde tekniske problem

Klokka 13.00 søndag melde ferjeselskapet Norled at B-ruta med avgang klokka 13.00 frå Hareid og 13.30 frå Sulesund gjekk ut på grunn av tekniske problem.

Like før 14.00 har Norled kome med ei ny oppdatering. Det viste seg at B-ferja ikkje kom seg inn att i rute frå klokka 14.00.

Ifølgje mannskapet om bord i ferja håpte dei å vere tilbake i rute så snart som råd.

– Forhåpentlegvis er dette berre snakk om ein liten bagatell som kan fiksast raskt. Sann det ser ut no er vi forhåpentlegvis tilbake i rute snart, sa dei til NRK.no klokka 14.00.

Og klokka 14.15 kom gladnyheita om at B-ferja på sambandet mellom Hareid og Sulesund ville vere tilbake i drift med avgang frå Sulesund klokka 14.30.