Granskar vald mot eldre

Helsetilsynet granskar no saka etter at ein helsefagarbeidar i Romsdal er mistenkt for vald og truslar mot fleire eldre på ein insitusjon. Ifølgje kollegaene skal fleire demente pasientar ha blitt slått, knipe og trua. Helsefagarbeidaren avviser skuldingane, men Statsforvaltaren har no sendt saka til Helsetilsynet.