Hopp til innhold

Golfbane kan vere redda

Solnør Gaard Golfbane kan vere redda frå konkurs etter ekstraordinær generalforsamling fredag.

Golf på Solnør.

Det kan gå mot golf på Solnør Gaard Golfbane også neste år. (Arkivfoto)

Foto: Picasa 2.7

No skal det opnast for å utvide aksjekapitalen med inntil 300 nye aksjer, i tillegg til at ein del av gjelda skal omgjerast til aksjekapital, seier styreleiar Terje Andersen.

Han meiner vedtaket i går kan vere det som skal til for å redde klubben.

Terje Andersen
Foto: Åge André Breivik / NRK

Håper på frisk kapital

- Dette har vi diskutert i styret, og vi kom fram til at med ein redningspakke som den vi no har vedteke, så kan vi forhåpentlegvis drive klubben med eit overskot i 2009.

Det låg an til lite golfspeling på Solnør Gaard Golfbane frå neste år. I haust måtte selskapet sparke sine fast tilsette etter å ha sett utviklinga i rekneskapen.

No ligg bana der utan tilsette som passar anlegget, men Andersen håper det no vil kome inn kapital tidsnok til at ein får anlegget i orden til neste sesong. Vedtaka fredag meiner han var eit viktig steg på vegen.

Viktig steg mot redning

- Det fyrste steget var i grunnen avklaringa vi fekk torsdag frå Sparebanken Møre og Nordea når det gjeld gjeldskonvertering. Det var ein føresetnad for at vi skulle få til ei fornuftig løysing der, seier Andersen.

- Det neste steget blir då å prøve å motivere eksisterande aksjonærar til å stille opp og teikne 300 nye aksjar, fortel han.

- Det burde ikkje vere umogleg med 4000 medlemar. Men på den andre sida er det både finanskrise og julehandel på trappene, så det spørs kva folk vil prioritere pengane til, legg styreleiaren til.