Hopp til innhold

Gjekk til sak då han vart sagt opp

Peter Harholt (36) meinte at han vart usakleg oppsagd frå jobben i Prezioso Linjebygg i Molde. Han vann fram i lagmannsretten, men forstår ikkje kvifor han mista jobben.

Peter Harholt framfor Prezioso Linjebygg

Peter Harholt er glad for at han vann fram i lagmannsretten. Han har no fått seg ny jobb.

Foto: Roar Strøm / NRK

For Peter Harholt er det spesielt å treffe på gamle kollegaer og ikkje lenger høyre til arbeidsplassen han har vore så glad i.

– Vi som var ute på offshore hadde eit veldig godt arbeidsmiljø, seier 36-åringen frå Eidsvåg i Nesset.

Det er snart 13 år sidan han starta jobben i Prezioso Linjebygg. Bedrifta med base i Molde leverer tenester til offshoreindustrien. Harholt som er utdanna platearbeidar vart etter kvart mellomleiar i bedrifta. Han jobba både ute på plattformer i Nordsjøen med sikringsarbeid og kursing av medarbeidarar.

Gjekk til rettssak

Nedgangen i oljeprisane førte til ein dramatisk nedgang i oppdragsmengda for Prezioso Linjebygg, og bedrifta måtte gjennom fleire rundar med nedbemanningar.

I oktober 2015 vart Harholt oppsagt frå stillinga. Det same vart ein kollega i ei mellomleiarstilling. Begge fekk tilbod om å jobbe som fagarbeidarar, men avslo. I staden gjekk dei til rettssak. Dei meinte at verken ansiennitet eller kompetansen deira skulle tilseie at dei skulle miste jobben. Dei to tapte saka i Romsdal tingrett, men anka. I Frostating lagmannsrett vann dei fram.

– Det gjer godt, for då har vi vist at slik skal det ikkje gjerast, seier Harholt.

Det var fagforeininga Lederne som først omtalte saka.

Følgde ikkje ansiennitetsprinsipp

Fleirtalet i lagmannsretten la til grunn at Prezioso Linjebygg la opp til ein samvitsfull prosess ved nedbemanninga og at den i det store og heile vart gjennomført på ein sakleg måte. Dei kom likevel fram til at ansiennitetsprinsippet ikkje vart følgt for Harholt og kollegaen. Bedrifta hadde utarbeidd ein matrise der arbeidstakarane vart vurderte opp mot kvarandre, står det i domspapira. Kriteria som skulle leggast vekt på var ansiennitet, kompetanse og sosiale forhold.

Opplysningane som kom fram i dette dokumentet tilsa ikkje at dei to burde miste jobben, meinte lagmannsretten.

– Vi følte oss ganske trygge på at vi hadde rett og gjekk til sak. Ingen andre vi jobba saman med forstod kvifor vi vart valde ut, seier Harholt. Retten tilkjende han 150.000 kroner i tapt arbeidsforteneste og både han og kollegaen får 50. 000 kroner i erstatning.

Krevjande for bedrifta

Til saman vart 129 sagt opp i bedrifta i perioden 2014 – 2016. Saka har vore krevjande, ifylgje advokat for Prezioso Linjebygg, Eirik Wold.

– Vi skal no gå gjennom dommen og vurdere om det er noko ein kan lære av dette. Det har vore ei belastning å hamne i retten saman med tidlegare tilsette som ein ikkje har ynskja å seie opp, seier Wold. Bedrifta skal vurdere om dei skal anke dommen. Wold vil ikkje kommentere at Harholt ikkje forstår kvifor han vart oppsagt.

Moldebedrifta har også tapt ei anna sak i Romsdal tingrett. Den saka er anka og skal handsamast i lagmannsretten til hausten.