Hopp til innhold

Georadar kan gi ny informasjon

Arkeologar frå fylkeskommunen var sist veke på gamle Ulstein kyrkjegard på Ulstein og på Herøy gard med georadar. Målet er å finne ny informasjon frå mellomalderen.

Arkeolog Arve Eiken Nytun (bildet) seier til NRK at førebels resultat allereie tyder på at dei har funne spor av ein bygning på Ulstein som dei ikkje var klar over.

Fylkeskommunen fekk 251.000 kroner frå Riksantikvaren til å undersøke mellomalderruinar på Ulstein og Herøy kyrkjegard. Resultatet av undersøkingane kjem fram etter kvart når dei vert analyserte.

– Det var ved hjelp av ein georadar at arkeologane avdekte eit vikingskip på Edøy, Smøla, for nokre år sidan. Møre og Romsdal fylkeskommune var blant dei første til å ta i bruk verktøyet, melder fylkeskommunen.

Arve Eiken Nytun, arkeolog
Foto: Arne Flatin / NRK