For å spare pengar har rådmannen i Molde foreslått å leggje ned dei 16 sjukeheimsplassane på Skåla sjukeheim. Dette har vekt sterke reaksjonar, ikkje minst i nærmiljøet. Søndag ettermiddag lagde lokalbefolkninga bål på toppen av fjellet Horja.
- Det å tenne bål på toppen av eit fjell, er frå gamalt av ein måte å varsle fare på. No varslar vi fare, på vegne av dei svakaste av dei svake, dei som ikkje kan seie frå sjølv, seier aksjonsleiar Anita Nesje.
- LES OGSÅ:
Tenner bålet klokka 16
Søndag ettermiddag fekk ho med seg mellom 40 og 50 personar i alle aldrar opp på fjellet. Heile veka har folk i bygda samla ved til bålet og frakta det til topps. Klokka 16 blei bålet tent. Det kunne sjåast frå store deler av Molde.
- Vi ønskjer å oppretthalde det tilbodet vi endeleg fekk i bygda, då sjukeheimen kom. Mange av oss har eller har hatt pårørande her, andre veit dei snart vil få det, seier Nesje.
Engasjement i julestria
Midt i julestria er Nesje imponert over engasjementet til alle som har samla ved og blei med til topps søndag ettermiddag.
- Det er lysmesse i bygda i dag, mørkret kjem snart og det er ein skikkeleg tur på seks kilometer vi legg ut på. Når så mange møter opp, viser det engasjementet, seier ho.
Kommunestyret avgjer saka 13. desember.