Hopp til innhold

– Galskap å spyle fuglefjellet reint for plast

RUNDE (NRK): Fleire havsuler heng døde etter plastreira sine i fuglefjellet på Runde kvart år. Mange vil vere med og rydde fjellet, men fugleforskar Alv Ottar Folkestad meiner det kan true heile kolonien.

Død havsule i plastreir på Runde

HENG ETTER HALSEN: Midt i bildet ser vi ei havsule som er hengt i eit plastreir i fuglefjellet på Runde, dokumentert laurdag 15. juni.

Foto: Arild Hareide / Runde Miljøsenter

Det er eit yrande fugleliv i landets største fuglefjell sør for polarsirkelen no i juni.

På avstand er det kvite og svarte prikkar som stuper inn og ut mellom fjellet og havet.

Havsule, lundefugl, havørn. Ser ein nærare etter er fjellet fullt av fargar som ikkje høyrer heime i denne naturen. Reira er bygd av kunstfiber. Plastsøppel frå havet.

Havsule-kolonien på fuglefjellet på Runde

LEVANDE FJELL: Havsule-kolonien på Runde.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Fann plast i 1969

Ornitologen Alv Ottar Folkestad er ute for å sjekke korleis det står til med fuglane på Runde. Som så ofte før. Han har fulgt dei opp i ein mannsalder. Første gangen han sjekka reira til havsulene var i 1969.

Det er 50 år sidan. Alt då fann han plast.

No er den plasten blitt til forsteina fundament i den stupbratte fjellsida. Ein grunnmur for tusenvis av reir. Havsula synest tydeleg at dette er prima vare for reirbygging.

Men taustumpar og fiskesnøre som heng lause er også livsfarlege for fuglen. Bilda av havsuler, hengt i sitt eige reir, får mange til å reagere. Dei vil rydde fjellet.

– Det er typisk menneske å fjerne synlege bevis på det vi gjer mot naturen. Det er ikkje plasten i fuglefjellet som er kjelda til problemet. Det er alle tonna som ligg i havet, seier Folkestad.

Alv Ottar Folkestad på Runde

LANG ERFARING: Alv Ottar Folkestad har forska på fuglen på Runde i ein mannsalder. Han blir kraftig provosert over at folk vil rydde fuglefjellet for plast.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Mange vil bidra

Mesteparten av reirmaterialet er tau og garnrestar som stammar frå fiskeri og oppdrett. Og næringa vil ta ansvar. Fleire har tatt kontakt med forskingsstasjonen Runde Miljøsenter.

– Eit offshorereiarlag kom med tilbod om å spyle reint fjellet. Vi har også fått tilbod frå fiskebåtreiarar om å reinske ved hjelp av klatrarar, seier dagleg leiar Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter.

Død havsule Runde

TAU: Havsule hengt i tau i fuglefjellet på Runde. (Bildet er frå laurdag 15. juni.)

Foto: Arild Hareide / Runde Miljøsenter

Hareide er også klar på at løysinga på problemet er å slutte å kaste søppel i havet. Men han er ikkje like avvisande som Alv Ottar Folkestad til å fjerne plasten, dersom det først blir forska på konsekvensane.

– Akkurat no har vi registrert at det heng tre døde havsuler der oppe. Skal vi late att auga for den lidinga? Vi har eit ansvar for velferda til ville dyr, seier han.

Ein bagatell

Men fugleforskar Folkestad er krystallkar i si sak: det er galskap å fjerne plasten. Dei få havsulene som døyr av å bli hengt, er ein bagatell i forhold til det som går føre seg i havet litt utanfor fjellet, meiner han.

– Det er grufullt å sjå på det, men vi fiksar ingen ting ved å fjerne symptoma.

Alv Ottar Folkestad dristar seg også til å seie at plasten i fjellet er litt nyttig også. Reira er svært solide. Det er truleg fleire havsuler no enn det hadde vore om dei framleis bygde reir av gras og tang.

Plast og andre kunstfiber er sterkt materiale. Det tar 600 år å bryte ned eit fiskesnøre til ørsmå partiklar.

– Vi treng også å få denne påminninga om kva handlingane våre fører til, seier han.

Fuglefjellet på Runde ut mot havet

HAVET: Det er all lidinga vi ikkje ser der ute i havet som er problemet, ikkje det som er i fuglefjellet, meiner Alv Ottar Folkestad.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Få døyr i fjellet

For vi ser som oftast ikkje det som skjer langt ute i havet. Fugl og andre dyr som hektar seg fast i ei gammal not, eit tau eller fiskesnøre og druknar eller svelt i hel.

Men det er langt fleire som døyr av plast på den måten enn oppe i fuglefjellet, ifølge eksperten. Han har sjølv på det meste funne fem fuglar på ein gong som har drukna etter å ha hekta seg opp på same plassen.

Det er mellom fire og fem tusen havsulepar som hekkar i kolonien på Runde. I tillegg kjem det nokre tusen innom fjellet. I år har ornitologane registrert fem havsuler som har døydd av plasten der. Dei fem siste åra – mellom fire og seks.

Havsul hengt

TRE DØDE: Tre havsuler som er hengt i plastavfall vart registrerte i fuglefjellet på Runde laurdag 15. juni. Her er ei av dei. Totalt i år har ornitologane registrert fem havsuler som har døydd på denne måten i fjellet.

Foto: Arild Hareide / Runde Miljøsenter

– Dei som snakkar om å spyle fjellet og starte på nytt, har ikkje fått med seg kva det handlar om. Då spylar du garantert vekk mykje av lausmassane der reira er. Det vil ikkje vere mogeleg for kolonien å bygge opp att reira sine.

Å spyle er den drastiske metoden. Å klatre opp for å skjære vekk lause tauendar eit anna forslag. Men då må nokon klare å kome seg opp i den stupbratte fjellsida om vinteren når reira er forlatne. Det trur heller ikkje Folkestad noko på.

– Fjellet er stupbratt. Nesten 300 meter høgt og fleire hundre meter breitt. Det er ikkje løysinga.

Og om ein skulle klare å få vekk plasten frå fjellet, så vil havsula alltid finne meir plast å bygge reir av.

Havsule i lufta

FUGL I FARTA: Det er eit godt år for havsulene på Runde.

Foto: Arild Hareide

Har blitt betre

Favorittmaterialet for reirbygginga til havsula er taustumpar og andre restar som tydeleg stammar frå fiskerinæringa. Mykje av det er gammalt, men noko er nytt.

Odd Kristian Dahle

TRIST: Informasjonsleiar i organisasjonen Fiskebåt, Odd Kristian Dahle, seier dei ser på det som skjer på Runde som trist.

Foto: Pressefoto

Informasjonsleiaren i organisasjonen til havfiskeflåten, Fiskebåt, Odd Kristian Dahle, seier det meste nok er frå tidlegare synder då fiskarane brukte sjøen som søppelplass.

– Mykje av det ein finn i fuglefjellet på Runde er kapp av tau som blir brukt til å reparere reiskapane. Tidlegare var det praksis å spyle dette på sjøen. No er det rutine at ein kostar dekket, og kastar det i søppelet som ein tar med seg heim.

Han slår fast at deira haldning er at alt søppel skal på land.

Reir bygget av store mengder plast og taurester i fuglefjellet på Runde

TETT I TETT: Mellom fire og fem tusen havsulepar hekkar på Runde. Det er registrert fire til seks havsuler som har døydd av plasten der kvar sesong dei siste fem åra.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Organisasjonen FIskebåt har også sagt dei kan bidra om det blir aktuelt å rydde fjellet for plast. Men dei som er ansvarlege for forvaltninga av fjellet, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, vil ikkje gjere noko førebels.

– Det er forsøplinga av havet vi må gjere noko med. Havsulene kan ikkje vere våre renovasjonsarbeidarar. Plasten er i havet, og dei vil hente meir om vi reinskar reira, seier Ola Betten, som er seniorrådgjevar hos Fylkesmannen.

Også dei har fått fleire forslag frå folk om korleis fjellet kan ryddast.

Godt år for fuglefjellet

Alv Ottar Folkestad ser på havsulekolonien på Runde

FEIL: Alv Ottar Folkestad meiner det er heilt feil å bruke krefter på å rydde fuglefjellet på plast når det kan skade kolonien, og det er i havet hovudproblemet ligg.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

På Runde kikar Alv Ottar Folkestad bort på havsulekolonien, og konstaterer at det er eit godt år. Kolonien er stor, og ser ut til å ha mykje mat.

Det kan kanskje virke som at mannen som har forska på fugl så lenge han kan huske ikkje bryr seg om at fjellet er fullt av plast.

Det gjer han. Men han meiner einaste løysinga er å røske problemet opp med rota. Det hjelp ikkje å pusse på fasaden.

– Plasten i havet forsvinn ikkje om vi spyler fjellet. Det er rein oppussing og kosmetikk for at vi menneska skal sleppe ubehaget ved å sjå. Det er det vi grip til. Vi må for all del ikkje bli minna på kva vi gjer med naturen.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet 0.0 tonn plast i havet. Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet

Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Ta quizen og redd hvalen