Hopp til innhold

Fryktar at privatskular må legge ned

Regjeringa foreslår at private skular med færre enn 30 elevar skal miste godkjenninga. Ragnar Johansen i Norske friskolers landsforbund fryktar at halvparten av privatskulane forsvinn.

Brandal friskule

Brandal friskule er ein av skulane som står i fare for å miste godkjenninga dersom det nye forslaget vert vedteke.

Foto: Sigurd Eliassen

I dag er den nedre grensa for å starte privatskule 15 elevar. Regjeringa foreslår å heve grensa til 30 elevar og høyringsfristen går ut 15. januar. I dag er det rundt 200 private grunnskular med til saman 200.000 elevar.

– Veldig mange av dei private skulane i dag har mellom 20 og 30 elevar og dei vil då forsvinne dersom forslaget blir vedteke. Eg meiner at alle skular under 40 elevar står i fare, seier Ragnar Johansen. Han er leiar i Norske friskolers landsforbund.

Vanskeleg å starte ny skule

Ragnar Johansen

Ragnar Johansen i Norske friskolers landsforbund fryktar at halvparten av dei private skulane i landet forsvinn.

Foto: Terje Reite / NRK

Grunnen til at privatskulane vert starta er som regel fordi kommunen har vedteke å legge ned den offentlege skulen og at foreldre tar initiativ til å berge skulen i bygda. I bygder med liten vekst varierer talet på elevar frå år til år. Dei nye krava til godkjenninga er at skulen ikkje har mindre enn 30 elevar tre år på rad. Dermed meiner Johansen at over halvparten av privatskulane i landet kan forsvinne.

Det vert også vanskelegare å etablere nye skular.

– Dei fleste skulane startar i det små og veks litt etter kvart eller er ganske stabile. Å måtte ha 30 elevar for å starte skulen er eit høgt hinder for foreldre, seier Johansen.

Men er det ikkje bra for elevane då at miljøet er større?

– Det er opp til foreldre å vurdere. Det er dei som har ansvar for barnas skulegang, seier Johansen.

Dugnad i vekevis

Då Hareid kommune på Sunnmøre la ned 5.-7. klasse ved Brandal skule i 2005, engasjerte foreldra seg og starta friskule. Først for dei eldste elevane og seinare for dei minste også. Foreldra jobba på dugnad i vekevis då dei pussa opp bedehuset, slik at skulen kunne flytte dit i 2011. I dag er det 18 elevar ved skulen og rektor Olaug M. Pareliussen Brandal er fullt klar over at dei står i faresonen.

– Vi tar ikkje sorgene på førehand og håper at forslaget ikkje går gjennom, seier rektoren.

Dersom forslaget blir vedteke vert det vanskeleg å auke elevtalet så mykje. Skulen må ha 30 elevar tre år på rad for å unngå å miste godkjenninga.

Heller ikkje styreleiar Dag Audun Eliassen trur forslaget går gjennom.

– Små skular er like gode og betre enn dei store, både sosialt og pedagogisk. Det er ingen grunn til å legge ned dei minste skulane, seier Eliassen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL