Hopp til innhold

Fryktar at norsk fjordlandskap skal misse verdsarvstatus

VALLDAL (NRK): Gjengroing av kulturlandskapet i fjordområda ved Geiranger kan føre til at området kan misse statusen som verdsarv. UNESCO har som krav at kulturlandskapet skal oppretthaldast.

Geiranger Skageflå Sju systre

Fjordområda ved Geiranger og i Norddal fekk verdsarvstatus i 2005, saman med områda kring Nærøyfjorden i Aurland i Sogn og Fjordane.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Kvart år strøymer turistar i tusental til norske fjordar for å oppleve verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap. Særleg etter at områda fekk verdsarvstatus i 2005 har veksten vore formidabel.

Men det er ikkje berre talet på turistar som veks. Der beitedyr og eit aktivt landbruk heldt kulturlandskapet i hevd gror det no til med buskar og kratt som endrar landskapet. Verdsaravstatusen står i fare om ikkje noko blir gjort for å hindre gjengroing av både innmark og utmark langs fjordane.

Verdsarv

Dronning Sonja var til stades under markeringa av at området ved Geiranger var blitt verdsarvområde. Her saman med dåverande ordførar i Stranda kommune, Frank Sve, UNESCOs David Shepperd og dåverande miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Torsdag var leiarane for Noregs verdsarv, Vestnorsk fjordlandskap, samla til møte i Valldal, saman med landbruksdirektøren, bønder og ordførarane i området. Alle er uroa for at området kan misse statusen som verdsarv.

Arne Sandnes

Ordførar i Norddal, Arne Sandnes.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Vi har ei felles forståing for at situasjonen er dramatisk. Kulturlandskapet er ein viktig del av verdsarven. No må vi drøfte kva tiltak som må til for å handtere denne situasjonen, seier ordførar i Norddal, Arne Sandnes.

Vestnorsk fjordlandskap kom med på den eksklusive lista over UNESCO sin verdsarv i 2005. Vestnorsk fjordlandskap består av to hovudområde: Nærøyfjorden og området kring Geiranger.

I Noreg står desse områda i klasse med Bergstaden Røros, Bryggen i Bergen, Rjukan Industriarv, Struves Meridianboge, Bergkunsten i Alta og Urnes Stavkyrkje. Internasjonalt har desse same status som pyramidane i Egypt og Den kinesiske muren.

Den internasjonale verdsarvkomiteen følgjer nøye med. Dei vestnorske fjordlandskapa har enno ikkje kome på lista over truga verdsarvområde. Men dei sentrale aktørane i Noreg fryktar at dette kan skje.

Landbruket er den viktigaste aktøren når det gjeld kulturlandskapet. Og vi har hamna i denne situasjonen fordi landbruket har endra seg svært mykje over tid. Rasjonaliseringa har ført til at færre arbeider i landbruket. Bruka har blitt større. Det har blitt færre husdyr som brukar utmarka. Då gror det igjen, seier Sandnes.

På møtet torsdag drøfta deltakarane kva som kan gjerast for at Vestnorsk fjordlandskap skal klare å oppretthalde verdsarvstatusen.

Det er heilt klart at kommunane og fylka ikkje kan handtere dette åleine. Verdsarvrådet og verdsarvadministrasjonen har peikt på dette lenge. Dei har sendt signal til sentrale myndigheiter og bede om hjelp. Men det verkar som om det ikkje blir høyrt. No må vi ha eit vekkelsesmøte i nær framtid, seier Sandnes.

Til dette møtet skal sentrale politikarar inviterast. Også representantantar for næringslivet, ikkje minst reiselivsnæringa, blir invitert.

Nå må vi konfrontere dei med det ansvaret statsmakta Noreg har for å ta vare på verdsarven. Møtet blir arrangert her i området i løpet av vinteren, seier Sandnes.