Hopp til innhold

Frå flyvertinne til LO-topp

Fødd og oppvaksen så nær flystripa på Vigra som det nesten går an, var yrke som flyvertinne mest sjølvsagt. No arbeider ho for 913 000 LO-organiserte.

Kvinne portrett

Peggy Hessen Følsvik er snart klar for LO-kongressen i mai. – Dette blir ein viktig vår, og eit viktig år for oss, seier ho.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det er nokre år sidan Peggy Hessen Følsvik frå Roald på Vigra ønskte flypassasjerar velkomne om bord og bad dei spenne fast sikkerheitsbeltet. Etter fleire i jobben, kjempar ho no for å gi mange tusen LO-organiserte eit sikkerheitsnett gjennom gode løns- og arbeidsvilkår.

– Det starta med at eg blei tilsett som ferievikar i Braathens. I luftfartsbransjen fekk du den tid innmeldingsblanketten til fagforeininga samtidig med tilsetjingskontrakten, og så blei det no slik, seier Peggy.

Boeing 737 fra Braathens SAFE

Flyselskapet Braathens SAFE var i si tid arbeidsplassen til Peggy.

Foto: Knudsen, Anders Marius / SCANPIX

I år etter år har ho vore ei tydleg og engasjert talskvinne for betre arbeidsforhold for mellom andre tilsette innan luftfart og reiseliv, men også for mange andre yrkesgrupper.

Frå fly til fagforeining

Peggy var i første kullet kvinner som blei tilsette ved basen til Widerøes Flyselskap i Bodø. Dame skjønte at dei sjølve måtte ta grep om eigne arbeidsvilkår.

– Det einaste som nytta var å starte eigen klubb og fagforeining. Det var heilt naturleg å engasjere seg, og etterpå har det eine har tatt det andre, seier Peggy.

Peggy Hessen Følsvik i Arendal sentrum

Peggy Hessen Følsvik er med på mange arrangement, konferansar og møte i løpet av året. Her er ho under Arendalsveka for to år sidan.

Foto: 2015 / NRK

Ho gjorde raskt karriere i LO. Frå ulike stillingar i Braathens ASA, til å vere tillitsvald for Braathens Funksjonærklubb på full tid og altså vore kabintilsett i Widerøes Flyselskap, blei ho i 2004 vald til nestleiar i Handel og Kontor. Så for fire år sidan valde LO-kongressen henne til førstesekretær.

Uroa for dei unge

Frå kontoret i 8. etasje i Folkets Hus på Youngstorget, skuar ho utover storbyen med sine mange kontrastar.

Ho er uroa over utviklinga, seier ho, og viser til dei 70.000 ungdommane som verken er i jobb eller utdanning.

Nav kølapp

Hessen Følsvik er uroa over korleis det skal gå med 70 000 unge som verken er i arbeid eller i utdanning her i landet.

Foto: NRK

– Dette er ei forferdeleg dårleg utvikling. No må det takast skikkeleg grep og tilførast ressursar og midlar til denne gruppa. Det går ikkje an å prioritere skattelette på 20 milliardar koner for dei aller rikaste, meiner ho.

Den aktive og engasjerte førstesekretæren er ikkje i tvil om kva landet no treng.

– Arbeidsløysa er den høgaste i landet på 20 år. Og det blir ikkje skapt arbeidsplassar. Regjeringa har gjort altfor lite for å få ned arbeidsløysa. Sånn kan vi ikkje ha det.

– Regjeringa sette då inn ein tiltakspakke på 5 milliardar kroner for eitt år sidan, dei har stimulert til innovasjon og nyskaping, og mangt anna. Likevel er ikkje det nok for LO?

– Dei klarer i alle fall ikkje å få folk i jobb. Eg har sett på korleis pengane blei brukte i Møre og Romsdal. Problemet er for det første, at dei kom altfor seint på banen, og når dei først kom, trefte dei ikkje dei områda som var hardast ramma.

LOs representantskapmøte

Peggy mellom andre LO-toppar under representantskapsmøtet for to år sidan. F.v. Gerd Kristiansen, Tor Arne Solbakken, Hans Christian Gabrielsen, Peggy Hessen Følsvik, Terje Olsen, Trude Tinnlund, Renee Rasmussen

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

I mai ventar ein ny LO-kongress der arbeidet for organisasjonen dei komande fire åra skal spikrast. Regjeringsskifte og mindre arbeidsløyse blir dei store satsingsområda, spår Peggy Hessen Følsvik.