Hopp til innhold

Vi hogger meir skog enn vi plantar

Sjølv om skogen i Noreg veks som aldri før, så hogger vi meir skog enn vi plantar. – Skal vi halde fram med å hogge skog, så må vi ta tak i dette, seier skogbruksnæringa.

SKOGBRUK

SKOBRUK: Peder Vatten driv eit skogbruk i Tingvoll på Nordmøre. Trea og stokkane som ligg att her er døde tre. Dei skal ligge att i skogen på grunn av insekta som treng desse trea.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

For første gang på 100 år går tilveksten i Noreg ned. Det betyr at vi blant anna hogger meir skog enn vi plantar.

Skal vi halde fram med å hogge skog, så må vi ta tak i dette, seier Runde Hedegart i Skognæringa kyst, som i sommar held på med ei omfattande undersøking om skogen.

Det er vestlandskommunane som kjem dårlegast ut på statistikken. Rogaland er verst, der det er berre 25 prosent som plantar ny skog etter dei har hogd.

For å få god vekst er det viktig å plante i rett tid, å stelle skogen og å hogge når treet er hogstmodent. Mange høgg for tidleg. Alt har sitt å seie for tilveksten.

Det er lovpålagt å plante ny skog innan tre år etter du har hogd den. Skogbruket er ei næring som krev enorm tolmod. Vi snakkar opp mot hundre år før du får hogge.

– Om vi held fram som vi gjer no, så få vi mindre tømmer. Vi må gjere jobben no, og skulle helst ha gjort den for 20 år sidan også.

SKOGBRUK

Eit lite grantre er i ferd med å vekse opp. Men dette treet blir det nok ikkje Peder Vatten som hogger.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Viktig å følgje lova

Peder Vatten driv eit eige skogbruk i Tingvoll på Nordmøre, slik generasjonar før han også har gjort. I skogen til Peder kan du finne furutre som er opp mot 150 år gamle.

– Fura må ha dobbelt så lang tid som ei gran, fordi ho veks mykje saktare, seier han.

Vatten meiner at skogseigarar må lære seg kva som er viktig å gjere når du driv med skog.

– Det er ikkje berre å hogge. Om du skal hauste så må du så. Og du må stelle det du sår, seier han.

Les også Tross internasjonal kritikk: Regjeringen vil trappe ned vern av skog

Pasvik nasjonalpark

Blant anna så set Vatten av midlar frå tømmeret han sel, til å plante ny skog. På denne måten sikrar han at han har råd til å plante nytt.

Landbruks- og matminister, Sandra Borch, seier regjeringa har store ambisjonar for utvikling av skogen og skogbruket, men at det er viktig at skogeigaren tek ansvar.

– Eg vil understreke at skogeigaren har ansvaret etter skoglova for å forvalte skogen sin berekraftig. Sentralt for eit berekraftig skogbruk etter lova er å sørge for tilfredsstillande forynging etter hogst og kommunen har ei viktig rolle i å kontrollere at regelverket blir følgt.

Sandra Borch, landbruks- og matminister (Sp)

Landbruks- og matminister Sandra Borch seier regjeringa vil utvikle skogbruket.

Foto: Dan Henrik Klausen

Kan påverke opptaket av karbondioksid

Trehogging kan påverke opptaket av karbondioksid, og derfor er det viktig med forynging for å få opp ny skog. Det fortel Gunnhild Søgaard, som er forskingssjef for Avdeling skog og klima ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Det er eit minstekrav til plantetettleik i foryngelsesplikten til skogeigarane, men det er plass til fleire tre som kunne teke opp meir karbondioksid, seier ho.

– Dersom ein forynger meir enn minstekravet i forskrifta, vil det auke karbondioksidopptaket, seier Søgaard.

Ho understrekar at det ikkje må plantast nye tre, men finne den foryngingsforma som passar best til vegetasjonen i området. Det kan vere å plante, setje igjen frøtre eller å så.

SKOGBRUK

Peder Vatten sitt skogbruk på Tingvoll. For å drive eit skogbruk krev det enorm tolmod. Det tek mange frå eit tre er planta til han kan hogge det.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

– Må få meir kunnskap

Gjennom sommaren skal Rune Hedegart i Skognæringa kyst halde på med undersøkinga. Før dei kjem med ein fersk rapport til hausten.

Skogen er per i dag, ein av dei viktigaste fornybare ressursar når vi snakkar om materialet, altså ting vi kan ta og føle på. Og der er skogen viktig.

Han meiner at fleire bør få meir kunnskap om skogsbruk. Og at ein kan forvalte regelverket litt tøffare.

– Det moderne skogbruket som vi har drive dei siste hundre åra har vore veldig suksessfullt ved at vi plantar nytt. Og det må ein gjere relativt fort etter ein har hogd, fordi det kan komme opp konkurrerande vegetasjon, særleg på dei beste markene der det er god produksjonsevne, seier han.

Les også Kjende ikkje att turstien: – Eg vart heilt på gråten

Skogshogst Gjøvik. Stina Haakensbakken Roland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL