Hopp til innhold

Kjende ikkje att turstien: – Eg vart heilt på gråten

På den første vårturen såg plutseleg Stina Håkensbakken at skogen langs yndlingsstien var jamna med jorda.

Skogshogst Gjøvik. Stina Haakensbakken Roland.

TRIST: Stina Håkensbakken vart lei seg da ho såg resultatet av snauhogsten på Øverby på Gjøvik.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Den lune og mystiske granskogen var jamna med jorda. Og dei mjuke skogstiane som hadde fjæra så godt, var gruslagde.

Stien Stina sprang på, ligg på Øverby på Gjøvik. Det er eit populært område ovanfor byen der mange går på tur.

Håkensbakken er samfunnsredaktør i avisa OA, og skreiv ein kommentar etter turen.

– Eg ville skildre mi eiga oppleving, om kor utruleg stussleg det var å komme til dei snauhogde områda, seier ho.

Les også Trenger ryddehjelp: – Jeg er livredd hvis det blir flom

Nils-Ivar Grøv

Flatehogst landet rundt

Aldri har skogeigarane i Noreg fått betre betalt for tømmeret sitt enn nå. Og aldri har dei hogd meir.

I mars vart det sett ein historisk prisrekord, og da var også avverkinga i skogen rekordstor, viser tal frå Landbruksdirektoratet.

Hogsten går føre seg med skogsmaskiner, som tar ned alt som veks i eit område. Over heile landet skjer det store endringar i landskapet.

Til glede for skogbruket, men til sorg for mange som synest trivselen med skogsturen blir borte.

Stormen gjorde skade

Kommunen er sjølv skogeigar. Mellom anna i området på Øverby, som er snauhogd i vinter.

– Vi forstår at nokre blir lei seg når dei ser forandringane, seier Assisterande kommunedirektør Marit Lium Dahlborg.

Ho innrømmer at dei kunne informert betre. Ho strekar under at kommunen ønskjer å ta omsyn til dei som ferdast på Øverby, sidan det er kommunen som også legg til rette for friluftslivet.

Les også Skogsbygda lider enorme tap: – En skulle tru det hadde falt ned en atombombe

Hun legger til at hun synes kommunene har gjort en iherdig innsats.
– Når en hører at en av ordførerne har reist rundt på husbesøk for å sjekke om alle har det bra, så er det klart at det gir inntrykk. Det vitner om et lokalsamfunn som virkelig står sammen, sier hun.


Dahlborg forklarar hogsten med at stormen i november gjorde stor skade, og at det var mykje vindfall. Samstundes gjorde og snørike vintrar i 2020 og 2021 at mange tretoppar brekte.

Fleire stader var det uframkommeleg for folk, og det måtte ryddast, forklarar Dahlborg.

Skogshogst Gjøvik. Kommunedirektør Marit Lium Dahlborg.

KUNNE INFORMERT MEIR: Kommunalsjef Marit Lium Dahlborg innrømmer at dei kunne informert betre om hogsten i vinter.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Har rydda i vinter

Jon Braastad stadfester det Dahlborg seier. Han er regionsjef i skogeigarorganisasjonen Mjøsen Glommen Skog.

Eigentleg har vindfalla etter stormen i november styrt skogsdrifta i heile vinter.

– Spesielt i Sør-Gudbrandsdal og i Vest-Oppland var det ille. Skogeigarane har brukt maskinene sine til både å rydde og ta ut tømmer.

Skogshogst Gjøvik.

TENER PENGAR: Tømmerprisane er rekordhøge og det blir tatt ut rekordmykje tømmer. Regionsjef Jon Braastad i Mjøsen og Glommen Skog, seier at mange skogeigarar har prioritert å hogge der stormen har rasert mykje skog.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Braastad fortel at tre som er blåst over ende, ikkje tapar seg i verdi.

– Men kunne oppryddinga skjedd utan at de bruker flatehogst, i område der det ferdast mykje folk?

– Ja, til ein viss grad. Det er mogleg å la eitt og anna tre stå igjen. Men dei blir ekstra utsett for vind, så det er ikkje så enkelt.

Skogshogst Gjøvik.

VINDFALL: Stormen i november i fjor har lagt føringar for skogsdrifta i Innlandet i vinter.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Snart skal det plantast ny skog der den gamle stod. Braastad seier det vil sjå betre ut om berre få år.

Les også Økt hogst går hardt ut over bynære turområder

Kan ta større omsyn

Morten Aas er koordinator i Forum for natur og friluftsliv. Han får mange spørsmål frå fortvilte turgåarar om skogeigarane berre kan hogge slik dei sjølv vil.

Skogshogst Gjøvik. Kommunedirektør Marit Lium Dahlborg.

PASSE PÅ: Morten Aas seier at mange blir lei seg når skog dei er glad i forsvinn. Men at det er viktig å sjå på om lover og reglar blir følgt. Det har kommunane ansvar for.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Eg forstår at mange reagerer. Men skogbruket er i sin rett til å ta ut skog, så sant dei følger dei forskriftene som gjeld.

Han strekar samtidig under at skogeigarane også står heilt fritt til å drive meir skånsamt rundt byar og i populære friluftsområde. Han synest samstundes at det er eit problem at dei sjølve også har ansvar for at forvaltninga skjer på riktig måte.

– Det er kommunar og miljøvernstyresmakter som skal sjekke at dei følgjer reglar om naturmangfald. Og at dei tar omsyn til publikum. Her har styresmaktene noko å gå på, seier Morten Aas.

Les også EU vurderer forbud mot norsk måte å drive skogbruk

Flatehogst

Flere saker fra Innlandet