Hopp til innhold

Folkevekst i Norddal

- Kanskje har karane innsett at vi har eit overskot av kvinner, seier ordførar Bjørn Inge Ruset. Norddal kommune har den største auken i innbyggjartalet i Møre og Romsdal i 2009.

Valldal

- Ein fantastisk natur, seier islendingen Bjørgvin Bjørgvinsson om Norddal kommune.

Foto: Kåre Antonsen

Heile Møre og Romsdal har opplevd ein auke i folketalet på 1 626 personar. Det viser ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå. Ved utgangen av tredje kvartal budde det 250 353 innbyggjarar i fylket.

Den største auken kjem med nye verdsborgarar, innanlandske innflyttarar og innvandrarar.

- Det er fantastisk natur her

Norddal har fått 21 innflyttarar til no i år, noko som gjev eit innbyggjartal på 1805 personar. Nokon av innflyttarane er islendingar, som Bjørgvin Bjørgvinsson.

- For det første er det fantastisk natur her, så er det veldig bra menneske som bur her, seier Bjørgvinsson.

Ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset, går enno lenger.

- Hans Strøm har no sagt at vi har dei vakraste folka i området her. Seriøst sett så er vi svært glade for folkevekst.

Og desse vakre norddalingane, er det spesielt dei i aldersgruppa 20-39 av kvinneleg kjønn?

- No står ikkje akkurat det i den nye rapporten frå Statistisk Sentralbyrå, men det er openbart at vi har eit overskot av kvinner i alderen 20-39. Kanskje er det karane som har innsett dette og kjem hit, det veit eg ikkje.

Men når det gjeld nye verdsborgarar, har du ei melding til norddalingane der?

- Eg tykkjer det er bra jobba og det er berre å stå på.

Også Bjørgvin Bjørgvinsson er opptimistisk når det gjeld framtida i Norddal.

- Eg likar meg svært godt her. Det er nesten aldri vind og det er noko av det første vi islendingar ser etter. Vi har no så mykje vind på Island. Eg er svært fornøgd.