Hopp til innhold

Turistar tar seg til rette opp isstengd fjelltrapp: – Det kan få fatal utgang

Ålesund har stengd eit av Noregs mest populære trapper på grunn av is og snø. Likevel er sperringa fjerna, og turistane tar sjansen opp fjellet.

Eit par er på veg ned dei islagde trappene frå Fjellstua i Ålesund, forbi ei sperring der det står at trappa er stengd.

Turistar og lokale trossar åtvaringar frå kommunen om å bruke dei is- og snølagde trappene opp og ned frå Fjellstova i Ålesund.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Turistar og lokale trossar åtvaringar frå kommunen om å bruke dei is- og snølagde trappene opp og ned frå Fjellstova i Ålesund.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

For mange som besøker Ålesund er dei 418 trappetrinna opp til Fjellstua eit sjølvsagt mål, for å nyte den berømte utsikta over jugendbyen.

Måndag stengde kommunen trappene på grunn av is, som no også er dekt av snø. Men nokon har flytta på sperringa, og mange turistar og lokale har valt å gå opp.

Turistar opp på ei glatt trapp mot fjellstua i Ålesund, eigentleg stengd.

Nokon har flytta på sperringa opp dei bratte steintrappene opp til Fjellstua i Ålesund. Dermed prøver mange å gå opp den glatte stien.

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK
Ein gjeng turistar er på veg ned dei islagde trappene frå Fjellstua i Ålesund, forbi ei sperring der det står at trappa er stengd.

Også frå toppen og ned er trappene stengd, men også her trassar folk åtvaringane.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Utsikt over Ålesund frå Fjellstua. Trappene ned mot byen er dekka av snø og is, og i hamna ligg eit stort cruiseskip.

Ålesund er full av turistar og lokale på tur denne dagen, trass i at der berre ligg eitt cruiseskip til kai.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Det er framleis glatt å gå, og farleg å ferdast. I verste fall kan nokon skli og hamne over rekkverket og ned fjellsida. Det kan få fatal utgang, seier Martin Hessen, fagleiar for drift i Ålesund kommune.

Har ein broddar kan ein gå opp trygt, men dei seier dei ikkje kan skilje på det. Mange av turistane kjem med cruisebåtar og går utan broddar. Kommunen synest det er dumt at nokon har opna sperringa.

– Det er frustrerande. Vi stenger av ein grunn, det synest eg folk må respektere. No må vi bruke opp sårt trengde pengar for å sende nokon til å sperre igjen, seier Hessen.

Trappene frå Fjellstua i Ålesund er dekka av snø og is.

Trappene er i toppen berre dekka av eit lite lag snø, men kommunen meiner det er for glatt for at større mengder folk kan bruke dei.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Eit par er på veg ned dei islagde trappene frå Fjellstua i Ålesund, forbi ei sperring der det står at trappa er stengd.

Trappene er i toppen berre dekka av eit lite lag snø, men kommunen meiner det er for glatt for at større mengder folk kan bruke dei.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Turistar sklir på isen

Turistar NRK har snakka med seier dei ikkje forstod at trappa var stengd, fordi nokon har flytta på sperringa.

– Eg berre fall før eg hadde gått ti meter. Det er min feil, eg såg ikkje isen, men det går greitt, seier franske Sophie Leneveu.

– Vil du prøve å nå toppen?

Heilt klart, svarar ho, før ho får vite at trappene faktisk er stengde.

Turistar ved trappene opp Aksla til Fjellstua i Ålesund.

Sarah Farthing (til venstre) og Sophie Leneveu forsøkte å gå trappene i dag, men valde å la vere.

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Britiske Gregory Roberts var ein av dei som gjekk til topps saman med kameraten Adam.

Eg synest det var litt skummelt, men vi har ordentlege sko med grep. Utsikta var fantastisk, seier Roberts.

Nokre tok drosje ned

Drivar Ann Helen Støbak på Fjellstua-restauranten har sett fleire som har gått opp, og er ikkje overraska over at det skjer. Ho såg det same skje i fjor då vegen var stengd då.

Er sperringa flytta på så tenker dei ikkje på det, cruiseturistane går der det er veg. Vi prøver å seie til dei at vegen er stengd, seier Støbak.

Utsikt over Ålesund frå Fjellstua. Trappene ned mot byen er dekka av snø og is, og i hamna ligg eit stort cruiseskip.

Utsikta over Ålesund er med på å trekke hundretusenvis av turistar kvart einaste år opp til Fjellstua, også om vinteren.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Ein joggar er på veg ned dei islagde trappene frå Fjellstua i Ålesund, forbi ei sperring der det står at trappa er stengd.

Nokre freista også å jogge i trappene, trass snø, is og åtvaringar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Dei har også hjelpt nokre med å bestille drosje ned igjen.

Det er hakket verre å gå ned enn å gå opp. Det er jo ein del eldre folk som ikkje er skodde, så blei det kanskje litt vel mykje for dei, seier Støbak.