Hopp til innhold

Fleire trafikkulykker

I løpet av natta har det skjedd fleire trafikkulykker. Like før klokka 00.00 køyrde ein bil med tre personar av vegen ved Høddvoll i Ulsteinvik. Ingen av personane blei skadd i ulykka og det blei meldt om glatt på staden. Like etter køyrde ein bilførar i Stranda av vegen slik at bilen hamna på taket. Her blei ein person sendt til legevakt for sjekk.