Hopp til innhold

Geologen om Mannen: – Overraskande stor aktivitet

Rørslene ved det rasutsette fjellpartiet i Rauma i Møre og Romsdal er større enn venta. Farten er oppe i over ein halvmeter i døgnet.

Mannen

RAUDT FARENIVÅ: Sjefgeolog Lars Harald Blikra var onsdag kveld usikker på om det var rett å setje farenivået til raudt. No viser det seg å vere rett. Rørslene i fjellet er svært store.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Vi tvilte oss fram til eit raudt farenivå. No viser det seg å vere ei rett avgjerd. Det er overraskande stor aktivitet i fjellet, seier sjefgeolog Lars Harald Blikra på ein pressekonferanse i Rauma torsdag føremiddag.

Det var onsdag kveld farenivået vart sett til raudt. Då var det venta mykje regn. Det har ikkje regna like mykje som venta. Likevel er altså rørslene i fjellet store.

– Reaksjonen i fjellet er kraftig. Fjellet flyttar seg 60 centimeter i døgnet i den øvre delen, i tillegg til to centimeter i nedre del. Det er snakk om store hastigheiter, forklarer Blikra.

Mannen

MANNEN: Det er igjen auka farenivå ved Mannen i Romsdal. Aktiviteten ved det rasutsette fjellpartiet er større enn venta. For sjuande gong må innbyggjarane i området evakuerast.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Nedre del mest alvorleg

Til NRK utdjupar han at det er aktiviteten i den nedre delen som er mest alvorleg.

– Denne delen låser systemet og held alt på plass. Kollapsar foten så vil alt ryke. Då kjem alt i eit jafs, seier Lars Harald Blikra.

Han fortel at fjellet har flytta seg totalt éin meter den siste månaden. Held det noverande tempoet fram det neste døgnet er farten dobla.

Meldt snø

Ifølgje Lars Harald Blikra er det svært spesielt at det er så store rørsler når det relativt sett har kome lite nedbør. 10 millimeter blir rekna som lite, og noko av dette har kome som snø.

– Vi har aldri sett så store rørsler tidlegare med så lite nedbør. No er det meldt meir snø, men vi reknar med farten blir den same. Fjellet er ekstremt sensitivt. Dette har vore spesielt for i år, seier Blikra.

Ifølgje geologen registrerte sivilforsvaret tre-fire steinsprang i natt.

– Det er færre enn i sommar sjølv om rørslene no er langt større, fortel Blikra.

Lars Olav Hustad

TUNGT: Rauma-ordførar Lars Olav Hustad fortel at mange av dei evakuerte har det tøft psykisk. For sjuande gong er innbyggjarane under Mannen evakuerte. Sist det skjedde var 10. august i år.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Tøft psykisk

Innbyggjarane i området er framleis evakuerte. Det gjeld i alt ni innbyggjarar (talet er eigentleg 11, men to er ikkje heime denne veka). Dette er sjuande gongen bebuarane blir evakuerte, så både innbyggjarane og kommunen begynner no å bli vande med situasjonen.

– Som ein av dei evakuerte sa til meg så begynner dette å bli ei vane, men på ein måte er det ikkje slik likevel. Dette er tøft psykisk for mange, sjølv om dei etter forholda har det bra. seier Rauma-ordførar Lars Olav Hustad til NRK.

Dei evakuerte er innlosjerte på ein campingplass. Kommunen har leigd fire hytter for heile hausten.

Dyra som høyrer til gardane er ikkje evakuerte.

– Ein del av dei dyra på beite er oppe i ura nær rasområdet. Det er for farleg å sende folk opp i området for å hente dei, forklarer ordføraren.

Mannen

EVAKUERTE: Ni personar er evakuerte frå området under Mannen i Rauma i Møre og Romsdal. Dyra i området er der derimot framleis. Det er førebels for farleg å evakuere dei.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix