Psykologspesialist Marit Bruset, hevda i helga at teaterstykke om kjønnsidentitet kan gå på helsa laus for sårbare barn. Bruset er også styreleiar i organisasjonen Genid, som ifølgje nettsidene deira har eit kritisk syn på behandling av barn og unge med kjønnsspørsmål.
Mathilde Decaen Fossheim er styreleiar i Pasientorganisasjonen for Kjønnsinkongruens.
Foto: Eskil Wie Furunes / NRK– Vi veit at dette ikkje er sant. Vi har høyrt slik retorikk før, at dersom vi snakkar med barn om homofili, så blir barn homofile, at det smittar sosialt. Det er ikkje slik, seier Mathilde Decaen Fossheim, som er styreleiar i Pasientorganisasjonen for Kjønnsinkongruens.
- Les også:
Teaterstykket om jenta Cecilie som helst vil vere Tobias, har vekt harme blant enkelte småbarnsforeldre på Sunnmøre. Då teaterstykket blei vist fram for elevar i Giske, nekta 15 foreldre ungane sine å delta. Marit Bruset sa i helga at ho fryktar at sårbare barn som slit med psykiske vanskar skal tru at det å endre på kroppen, er svaret, når dei strevar med heilt andre ting.
– Stykket kan gi helsegevinst
Runa Kongsvik jobbar med barn og unge i spesialisthelsetenesta, og i privat praksis. I tillegg leiar ho eit gruppetilbod for unge med kjønnsinkongruens.
Foto: Privat– Eg tenker det ikkje er problematisk for born å sjå eit alderstilpassa stykke som handlar om kjønnsidentitet, men at det tvert imot kan vere positivt. Dersom stykket kan vere med på å alminneleggjere og ufarleggjere det å vere «født i feil kropp», er det heilt topp, seier psykolog Runa Kongsvik.
– Slik eg ser det kan altså stykket gi ein helsegevinst, snarare enn å representere ein helserisiko.
Kongsvik vil understreke at ho ikkje har sett teaterstykket, berre traileren. NRK opplyser også om at Kongsvik er med i Bergen Pride.
– Dessverre kan det framleis vere vanskeleg å komme ut som skeiv eller transperson, blant anna fordi omgivnadene manglar kunnskap.
– Det er viktig å vere klar over at like lite som homofili kan smitte, blir barn transpersonar av å høyre om kjønnsmangfald. Informasjon kan derimot gi tryggleik til å utforske sin identitet og sitt uttrykk, seier Kongsvik.
Randi Gressgård er professor i samfunnsvitskapeleg kjønnsforsking.
Foto: Universitetet i Bergen/Kim E. AndreassenHo legg til at tilvising og utgreiing til kjønnsbekreftande behandling er ein lang prosess, og fleire vurderingar ligg til grunn.
– Historia gjentek seg
Også professor ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking hos Universitetet i Bergen, Randi Gressgård, er positiv til teaterstykket.
– Fordi kjønnsmangfald eksisterer, og transpersonar opplever mange former for undertrykking. For ikkje lenge sidan forhindra mange foreldre sine barn i å høyre om homoseksualitet i skolen, og no gjentek historia seg om transpersonar.
Siri Øyslebø Sørensen er leiar ved Senter for kjønnsforsking hos NTNU.
Foto: RuralisSiri Øyslebø Sørensen er professor og leiar ved Senter for kjønnsforsking hos NTNU. Ho trur denne typen teaterstykke bidreg til forståing.
– Forstår du at foreldre og andre kan vere skeptiske?
– Brot med kjønnsordenen skapar framleis mykje frykt, men teaterstykket er ikkje problemet. Det er viktig å vise fram slike tema slik at barn og unge for forståing, seier Siri Øyslebø Sørensen.