Barneframsyninga «Tobias og dagen det smalt» reiser rundt på norske skular no. Teaterstykket er for dei yngste og handlar om Tobias som er fødd som jente. På Godøy skule fekk 15 elevar fritak fordi foreldra ikkje ville at dei skulle sjå teaterstykket.
Marthe Alnes Aarøe meiner målgruppa burde ha vore større barn.
Foto: Synnøve Hole / NRKMeiner barna er for små
FAU-leiar Marthe Alnes Aarøe meiner at hennar barn på seks og åtte år rett og slett er for små.
– Det er stort tema som eg tenker dei ikkje er klare for. Vi har snakka heime om det å vere forskjellig, men ikkje så spesifikt som denne framsyninga her gjer, seier Aarøe.
Ho meiner temaet er viktig, men ho reagerer på at målgruppa er dei yngste barna.
Ho meiner også skulen burde ha reagert då dei fekk vite at fleire foreldre var uroa, og gitt meir informasjon om korleis temaet skulle bli formidla og snakka om i etterkant.
Oddfrid Reinlund er rektor ved Godøy skule. Ho seier at skulen laga eige opplegg for elevane som ikkje var på teater.
Foto: Synnøve Hole / NRKFritak dersom det opplevast støytande
Rektor ved Godøy skule, Oddfrid Reinlund, seier at foreldra har rett til å søke fritak frå opplæring som dei opplever som støytande eller er i strid mot deira overtyding.
– Eg synest det er synd at ikkje alle får med seg framsyninga, men det er deira val. Vi må respektere at vi har ulike meiningar, seier Reinlund. Skulen har laga eit eige opplegg for elevane som har fått fritak.
Burde de ha informert bekymra foreldra betre?
– Vi har sendt ut orientering til alle foreldre om teaterstykket og dei har fått all informasjon som skulen har fått om framsyninga frå den kulturelle skulesekken, og om for- og etterarbeid, seier rektoren.
Skodespelar Jonas Delerud har opplevd to gongar tidlegare at elevar har fått fritak frå teaterstykket.
Foto: Synnøve Hole / NRK– Synd at barna ikkje fekk delta
Skodespelar Jonas Delerud seier at dette berre har skjedd på to skular sidan premieren i 2017. Sidan den tid har stykket blitt vist over 200 gongar.
– Eg synest det er synd at ikkje alle får oppleve framsyninga. Det handlar om at det er mange måtar å vere menneske på. Målet vårt er å vise barna at slik er det nokon som har det, seier Delerud.
– Du er ikkje redd for at de plantar idear i hovudet på barna då?
– Nei, det er eg ikkje redd for i det heile tatt, seier Delerud.
For Camilla Wiik som er koordinator for den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal kom dette uventa. Dei har gjort vurderingar av framsyninga og meiner den er i tråd med styresmaktene sine anbefalingar om at ein kan snakke med barn frå 6-årsalderen om kjønnsidentitet.
– Eg er eigentleg litt overraska. Framsyninga har gått i heile landet ganske lenge og har blitt godt motteken, seier Wiik.
– Skuffande
Inge Alexander Gjestvang er leiar i FRI, Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.
Foto: PRESSEARKIVLeiar i organisasjonen FRI, Inge Alexander Gjestvang, ser ein tendens til at enkelte foreldre vil skjerma borna sine frå informasjon om kjønn og seksualitet. Han trur nokon er redde for at det skal føre til påverknad og «smitte».
– Det er skuffande at enkelte vil skjerme barna frå slike kulturopplevingar, men eg er ikkje overraska, seier Gjestvang.
Han er sjølv utdanna lærar og meiner det er viktig å opne dørene mot verda og det mangfaldet som finst.
– På den måten kan ein vere med å overvinne fordommar og diskriminering, seier Gjestvang.
LES OGSÅ: