Hopp til innhold

Fleire menn enn kvinner ringte til Kirkens SOS

Elles i året er det mest kvinner som ringer til krisetelefonen, men i jula er det mennene som ser ut til å ha det vanskelegast.

Magne Kjell Bjørge

Magne Kjell Bjørge, leiar i Kirkens SOS i Møre og Romsdal, seier fleire menn har ringt krisetelefonen deira denne jula enn i tidlegare år.

Foto: Markus Plementas / NRK

– Gjennom året er det rundt 45 prosent menn og 55 prosent kvinner som ringer til oss, men i juledagane var det klart fleire menn enn kvinner, seier Magne Kjell Bjørge, leiar for Kirkens SOS i Møre og Romsdal, til Rbnett.no.

– Ekstra einsamt i jula

Ifølgje NTB har det vore ei 30 prosent auke i talet på menn som ringde Kirkens SOS i jula. Tendensen stemmer også for Møre og Romsdal, men Bjørge har inga forklaring på korfor spesielt menn ringde mykje denne jula.

– Vi kan ikkje seie noko bastant om det, nei. Men generelt vert problema i samfunnet spegla i dei telefonane vi får, seier han til avisa og legg til at kanskje fleire kvinner har barna hjå seg i jula og at det kan føre til fleire einsame fedrar.

– Og er du einsam i jula, føler du deg verkeleg einsam, seier han.

Fleire enn før

Kirkens SOS har også fått fleire telefonar frå menn og kvinner enn tidlegare år. Første juledag tok dei til dømes i mot 1000 telefonar, nok som er nesten det dobbelte av same dag i fjor. Hjelpetelefonen til Mental Helse har registrert den same auken, men dei har ikkje registrert fleire telefonar frå menn som hjå Kirkens SOS.

I januar startar Kirkens SOS i Møre og Romsdal også opp ei eiga chatteteneste som dei håper vil nå ut til yngre personar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL