Berre halvparten av dei 200 dyrlegane i Trøndelag og Møre og Romsdal har gitt tilbakemelding vedrørande ny vaktordning, seier regiondirektør i Mattilsynet, Bjørn Røthe Knudtsen.
Frist i dag
Fristen for dyrlegane til å melde frå om dei takkar ja til den nye vaktordninga går ut i dag og den nye ordning skal vere på plass 1.april.
- Full oversikt vil vi truleg likevel ikkje ha før over påske, men utifrå dei tilbakemeldingane vi har fått så langt kan vi slå fast at ikkje alle distrikt får dyrlegevakt, seier Knudtsen.
Protestar
Dyrlegane har protestert kraftig mot at fleire vaktdistrikt vert slått saman. Dette fører til at færre dyrlegar skal dekke eit større område.
I januar, medan forhandlingane mellom Staten og Veterinærforeininga pågjekk var det fleire aksjonar, der dyrlegane ikkje var tilgjengelege utanom normal arbeidstid.