NRK Meny

Ferjetrøbbel Eidsdal-Linge

Det er tekniske problem med B-ferja i sambandet mellom Eidsdal og Linge på Fylkesveg 63. Dermed er det også redusert kapasitet på strekninga, melder Vegtrafikksentralen. Strekninga mellom Eidsdal og Linge er sterkt trafikkert sommarstida fordi det er eit viktig samband for turisttrafikken til og frå Geiranger.

Ferjekaia i Eidsdal i Møre og Romsdal.
Foto: Sissel Brunstad / NRK