Hopp til innhold

Ferjematros dagens helt

Snarrådig tenking av ferjematros Bjørn Reitan gjorde at liv ikkje gjekk tapt då ein firemannsbustad stod i full fyr på Vågstranda i Rauma måndag morgon.

Matros Bjørn Reitan

Bjørn Reitan er tilbake på ferjedekk etter å ha redda ut fem menneske frå den brennande firemannsbustaden på Vågstranda måndag morgon.

For ferjematros Bjørn Reitan vart ein heilt vanleg køyretur til jobb ein dramatisk start på dagen. Og truleg redninga for fem personar.

- Eg for tidleg heimanfrå i dag, men det var ein vanleg køyretur slik som det bruker å vere. Plutseleg merka eg noko merkeleg røyk over tretoppane. Eg slakka ned for å sjå om det var eit bål eller om det var eit hus som brann. Då såg eg at det brann frå eit hustak.

- Prøvde å vere kald og roleg

Matros Bjørn Reitan sette frå seg bilen, og samtidig som han sprang ned mot det brennande huset, fekk han varsla politiet. Då var klokka 06.54.

- Eg sa til dei at dei måtte tilkalle fulle styrkar. Eg hadde ikkje tid til å ringe fleire, for eg måtte prøve å berge liv. Eg har gått mange brannkurs i samband med jobben på ferja, så eg prøvde å vere kald og roleg.

Brann i firemannsbustad på Vågstranda

Flammane stod ut av taket på firemannsbustaden på Vågstranda måndag morgon.

Foto: Karoline Tharaldsen Finsås

Då han kom ned mot firemannsbustaden, såg han at den eine av dei øvste leilegheitene var overtent.

- Eg sprang først mot den leilegheita oppe der det brann mest. Hovuddøra var blokkert med søppeldunkar, men ved å banke og kaste stein mot vindauge og veggar fekk eg vekt mannen som budde der, fortel Reitan.

- Han vakna og lurte på kva som gjekk føre seg. Han forstod ingenting.

- Alle var i sjokk

Etter at Reitan hadde fått ut mannen, heldt han fram med å varsle dei andre som budde der.

- Eg sprang til den andre leilegheita i andre etasje. Der budde det ei ung kvinne og to born. Eg forklarte at det brann og tok med begge borna ut. Det var vanskeleg å få kontakt med dei som budde der. Eg må unnskylde meg for at eg brukte så høg røyst, men eg måtte rope for å vekke folk. Alle var i sjokk.

Brann Vågstranda

Huset vart totalskadd i brannen.

Foto: Karoline Tharaldsen Finsås

Då politi, brannvesen og ambulanse kom til staden, stod bustaden i full fyr.

- Det brann veldig godt, fortel operasjonsleiar Arne Stokke i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

- Det gjekk bra med alle, og ingen av dei måtte verken til sjukehus eller legevakt, fortel Stokke.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Takknemlege naboar

Då alle var trygt ute, måtte Reitan konsentrere seg om å nå ferja, som låg til kai på Magerholm i Ålesund, om lag ein times køyring frå Vågstranda.

- Eg gav ansvaret til nokon andre og gav politiet beskjed om at eg kom til å bryte fartsgrensa litt for å rekke å kome meg om bord i ferja. Det var eg og ein annan mann som skulle starte ho opp.

Etter at han var på plass i ferja, fekk han tid til å tenkje over kva som hadde skjedd.

- Eg vart litt oppskaka av heile greia. Eg tenkjer mykje på dei to borna, for eg har to born sjølv. No etter at eg kom på ferja har eg fått mange telefonar frå takknemlege naboar. Dei seier at om eg ikkje var på rett plass til rett tid, kunne det ha gått gale.

Brann Vågstranda

Det er ikkje kjent kva som gjorde at det byrja å brenne i firemannsbustaden måndag morgon.

Foto: Karoline Tharaldsen Finsås

- Han har gjort ein uvurderleg innsats

Ein av naboane som er takknemleg for ferjematros Bjørn Reitan sin innsats, er John Reidar Finsås.

- Det er ein heltedåd at han kan kome køyrande oppe på Europavegen, sjå flammane og springe ned og redde ut dei som budde der. Han har sannsynlegvis redda liv. Bjørn er ein helt, seier han.

- Det var ei trist og ekkel oppleving. Takk og pris for at det var vindstille og at vi har hatt nedbør over fleire døgn.

Politiet veit ikkje noko om årsaka til at firemannsbustaden på Vågstranda, som no er totalskadd, tok fyr i morgontimane måndag.

- Vidare etterforsking vil vise kva som er grunnen til at det byrja å brenne, seier operasjonsleiar Arne Stokke.