Hopp til innhold

– Eg har blitt sterkare av å bu i naturen

Kishore Gajendra (28) er oppvaksen i ein millionby i India og kunne ingenting om friluftsliv då han bestemte seg for å flytte ut i ein gamme i skogen i Noreg.

Kishore Gajendra i koia i skogen.

I GAMMEN: Kishore Gajendra i gammen i skogen. – Eg har lært at eg kunne veldig lite om praktiske sider ved livet.

Foto: Live A. Sulheim / Live A. Sulheim

– Eg kom til Volda som utvekslingsstudent frå byen Bangalore i India med 7 millionar innbyggarar. Friluftsliv var nytt for meg, men eg var inspirert av boka Walden: Life in the Woods av Henry David Thoreau, fortel Gajendra.

Det var mykje stress og press knytt til å flytte til eit heilt nytt land, og han tenkte livet i skogen ville gjere han godt. Så i februar 2017 gjorde han alvor av planen.

Kishore Gajendra måtte lære alt om friluftsliv frå starten.

LÆRERIKT: Studenten måtte også lære seg alt om friluftsliv for første gang.

Foto: Kishore Gajendra

Den vesle gammen, som var godkjent av kommunen og grunneigar, fekk han låne av ein friluftslivsstudent som hadde bygd den, og budd der før han.

Der måtte Kishore lære å takle ein kvardag utan både straum, innlagt vatn, nettdekning og med utedo. Han måtte også gå 45 minutt kvar veg for å kome til sivilisasjonen.

– Teknologien kan bli ei forbanning

Ei undersøking av Folkehelseinstituttet frå 2018 viser at kvar fjerde student i Noreg slit psykisk. Gajendra trur konstant konsum av moderne teknologi og lite tid til å tenke og vere stille må ta sin del av skulda for det.

– Teknologi er ei gåve, men om vi blir avhengige og det er teknologien som styrer oss, blir det ei forbanning til slutt. Mange av appane er designa for å gjere oss avhengige, seier han.

Kishore Gajendra held foredrag ved Høgskulen i Volda

FOREDRAG: Høgskulen i Volda, der Kishore Gajendra studerer, markerer verdsdagen for psykisk helse i ein heil månad med forskjellige arrangement. Kishore fortalde om kva opphaldet i skogen gjorde for hans mentale helse.

Foto: Kishore Gajendra

Gajendra meiner han vart sterkare av å vere så mykje åleine, i eitt med naturen.

– Eg fekk tid til å tenke og lærte å sette pris på mitt eige selskap. Då merka eg at eg hadde lagt eit enormt press på meg sjølv. Eg ville heile tida bevise noko for dei rundt meg, seier han.

Men det var også tøft for ein frå India å flytte ut i den norske skogen. Han hadde tenkt å bu der i eit år. Det klarte han ikkje. Det tok for lang tid å komme seg til og frå hytta, til jobb og studiar, og det vart også veldig vått og kaldt utpå hausten. Likevel budde han i gammen i seks og ein halv månad.

– No vaknar eg med eit smil om munnen kvar dag. Eg har varmekablar! Livet i skogen har lært meg å sette pris på alt eg har.

Kishore Gajendra

BEKK: Ein bekk ved gammen gav vatn til vasking og drikke. Men Kishore Gajendra vedgår at han også brukte fasilitetar ved skulen og hos venner for å få dusja og vaska kle. – Men eg stinka. Ofte kunne det gå ei veke mellom kvar dusj, fortel han.

Foto: Kishore Gajendra

Får støtte frå forsking

Kishore Gajendra har støtte i forskinga når han meiner naturen har gjort han sterkare mentalt. Mange studiar støttar opp om dette, og ein artikkel som blei publisert i Frontiers in Psychologi i år, viser at berre 20 minutt på ein stad der du kjenner deg i kontakt med naturen kvar dag, reduserer nivået av stresshormon i kroppen.

Dei som var med i forsøket måtte vere ute i dagslys, og fekk ikkje bruke telefon, trene eller prate. 20 minutt var nok, men 30 minutt gav enda større effekt, skriv NHH.

Kishore Gajendra i skogen

KALDT: Det er ein stor overgang frå storbyliv i India til å bu i ei gamme på Sunnmøre. – Samtidig har eg lært at ein inder kan takle kulde, seier Gajendra.

Foto: Kishore Gajendra

– Alle kan ikkje flytte ut til ei gamme i skogen for å motverke stress frå for mykje skjermbruk, men nesten alle i Noreg kan gå seg ein tur kvar dag. Det er det første, enkle steget til betre mental helse. Men eg skal ikkje dosere for nordmenn om friluftsliv. Dette trur eg dei kan frå før, seier Kishore Gajendra.