Hopp til innhold

Slept til land etter motorstans på romsdalskysten

Tankskipet Bergstraum vart slept til land av kystvaktskipet Njord etter at båten med 18 mann ombord fekk motorstopp i morgontimane.

Tankbåten Bergstraum fekk motorstopp på Harøyfjorden utanfor Bud.

Tankbåten «Bergstraum» fekk motorstans på Harøyfjorden utanfor Bud mandag morgon.

Foto: Roar Strøm / NRK

Siste: Skipet blei måndag morgon slept til kai i Elnesvågen.

Det blei dramatisk for mannskapet ombord i tankskipet Bergstraum i nattemørkret måndag morgon. Med 18 mann ombord fekk skipet brått motorstans i Harøyfjorden i Møre og Romsdal.

– Det er kontroll på situasjonen. Vi har fått sett slepar på Bergstraum og fått båten i rett retning, seier redningsleiar Andreas Næsheim ved Hovudredningssentralen på Sola.

Alt skal stå bra til med dei 18 ombord.

– Teknisk feil

Espen Bjelland i reiarlaget Utkilen AS i Bergen seier at dei blei varsla om situasjonen like etter klokka sju. Han seier ein teknisk svikt førte til motorstans.

– Det var ikkje noko kjekt. Vi jobbar kvar einaste dag for å unngå at noko slikt skjer, men det er mykje teknisk utstyr ombord i eit større skip, seier Bjelland.

Bergstraum var på veg frå Trøndelag til Elnesvågen på romsdalskysten for å laste då motoren stansa.

Ventar på Njord

Næsheim opplyser at Kystvakta er på staden og at ambulansebåten Dr. Rieber ligg klar ved behov. Kystvaktskipet Njord slepar skipet inn til hamn i Elnesvågen.

No er Bergstrøm er under slep. Redningsskøyta Erik Bye ligg bak og passar på, seier Næsheim til NRK klokka 9.28.

Tankbåten er 123 meter lang.

Skipet fekk problem omlag ein kilometer frå land.

Tankbåten «Bergstraum» ligg utanfor Bud i Hustadvika.

Kartet frå Marine Traffic viser kor skipet har drive.

Foto: Marine Traffic