Den gamle ferjekaia i Hundeidvik i Sykkylven er snart historie. Etter mange år med nedslite og forvitra betong, er den nye kaia no i ferd med å ta form.
– Dette blir greier, seier arbeidskarane på kaia, og svingar hammar og sag medan ferja mellom Hundeidvik og Festøy går i si vante rute.
Dei er i innspurten på delar av forskalinga på kaia.
Ny tilleggskai i støypeskeia
Sidan tidleg i haust har fagarbeidarane Roy Stefan Sandvær og Roar Follestad i Mesta vore i sving med å utbetre den falleferdige tilleggskaia i Hundeidvik. Det er Mesta som har hovudentreprisen på arbeidet.
– Tilleggskai betyr den delen av kaia der ferja legg inntil. Sjølve lemmen og hydraulikken skal vere som det er, forklarar dei to.
I slutten av august starta arbeidet med peling, altså at nye stålpelar blei slått ned i havbotnen. Dei utgjer fundamentet for nyekaia.
– Ferdigstilt vil kaia bli både lengre og breiare, men lemmen vil ikkje bli oppgradert slik at dei aller største ferjene kan legge til, seier Oskar Einarsson, prosjektleiar for Statens vegvesen.
Komande onsdag blir det klart til støyping av første dekket, og så skjer det slag i slag dei komande vekene.
– Arbeidet har så langt gått heilt etter boka. Men så har vi rutinert arbeidsstokk også, då. Dei har vel bygd omtrent det meste av ferjekaier her i distriktet, seier Mikael Solhjelm, anleggsleiar for Mesta.
Ferja mellom Hundeidvik og Festøya vil gå som normalt i byggeperioden.
– Både reisande og vi her om bord på ferja gler oss til alt blir ferdig, seier Jostein Reite som i mange år har vore billettør og matros hos Fjord1.
Statens vegvesen bygg kaia på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
I slutten av januar vil den nye ferjekai i Hundeidvik stå ferdig.