Hopp til innhold

Truande istappar heng frå hustak: – Berre flaks at liv ikkje går tapt

–Mykje snø kombinert med litt mildare ver gjer at det kan vere livsfarleg for folk å gå på fortau. Det hjelper heller ikkje å sperre av, sidan folk ikkje bryr seg om sperringane.

– Det er berre flaks at liv ikkje går tapt.

Det fortel Nicholas Abrahamsen i Ålesund Vinduspuss. Sidan sist veke har han ikkje pussa vindauge, men fjerna istappar frå bygardar i Ålesund. Dagleg ser han digre isblokker deise i bakken.

Nicholas Abrahamsen i Ålesund vinduspuss.

Nicholas Abrahamsen i Ålesund vinduspuss har mykje å gjere.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Han meiner det er eit stort problem at folk ikkje ser opp, og går under hustak med store og farlege istappar.

Det er ikkje alltid det hjelper sperre av heller, for ifølgje Abrahamsen bryr ikkje folk seg om sperringane og går der likevel.

– Publikum må vere obs på kva som er over hovudet. Når eit fortau er sperra av, så er det ein grunn til det.

Istappar på bygård i Ålesund sentrum.

Farlege istappar på bygård i Ålesund.

Fjerning av istappar i Ålesund sentrum.

Fjerning av istappar ved hjelp av lift.

Kjepper som sperrer av fortau på grunn av rasfare fra tak.

Kjepper som sperrar av fortau på grunn av fare for ras i Ålesund sentrum.

Skilt som varsler om fare for takras.

Skilt som viser fare for takras i Ålesund sentrum.

Skilt som viser at folk må passe seg for takras.

Skilt som ber publikum passe seg for takras .

Følg med på taket ditt

Are Opdahl er advokat og distriktsleiar for Huseiernes Landsforbund i Møre og Romsdal. Han fortel at huseigarar kan få bøter viss det heng istappar frå taket, for konsekvensane kan bli alvorlege viss folk blir treft av ein istapp.

I ei sak frå Oslo i 2010 måtte både ein driftsleiar og huseigar i fengsel etter at ein person blei hardt skadd etter å ha fått ei isblokk i hovudet.

– Viss ein ignorerer at istappane heng der, og ikkje gjer noko, kan ein som huseigar bli stilt til ansvar.

Opdahl seier det ikkje er nok å sperre av gata med kjeppar. Ein har handlingsplikt. Det vil seie at ein må gjere noko, som å bestille fjerning.

Are Opdahl representerer Huseierforeningen

Are Opdahl er advokat og distriktsleiar Huseiernes Landsforbund i Møre og Romsdal. Han seier huseigarar har plikt til å fjerne istappar frå hustak.

– Oppfordringa er å følge med på hustaket om der er istappar.

Unngår fortau

Ein av dei som var ute og gjekk i Ålesund mandag føremiddag var Martin Minge. Han fortel han har slutta å bruke fortaua siste dagane.

Martin Minge unngår å bruke fortau på grunn av is på hustak.

Martin Minge har slutta å gå på fortau på grunn av istappar som heng frå tak i Ålesund.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

–Det er utruleg kor store isblokkene har blitt i det siste.

Han stadfestar observasjonane til Abrahamsen, for han ser dagleg at folk ikkje bryr seg om sperrebanda.

–Folk tenker kanskje ikkje over det, sjansen er vel ikkje så stort for å bli treft.

Politiet er uroa

Måndag morgon gjekk politiet ut og åtvara. Mildvêr kombinert med mykje snø gir stor rasfare på hustak.

Og når det i tillegg heng store istappar rett over hovudet til folk som går på gata, så kan det få fatale konsekvensar.

Skjermbilde frå ein tweet frå politiet i Møre og Romsdal. Dei skriv at i samband med temperaturskifte har det kome fleire meldingar om takras frå bustadblokker. Dei ber om at huseigarar tek ansvar og at folk er forsiktige.

Politiet ber huseigarar ta ansvar etter fleire takras frå bygardar.

Foto: Skjermdump frå Twitter

Søndag kveld blei redningsmannskap med lavinehundar sett inn etter at det rasa frå ein idrettshall i Ålesund sentrum. Søket blei avslutta etter eit par timar.

Snøras ved Sparebanken Møre Arena.

Redningsmannskap ved Sparebanken Møre Arena søndag kveld etter at det rasa frå taket.

Foto: Haakon Hole Mauren

Det er venta meir snø i dagane som kjem. Yr har ute farevarsel om snø fleire stader i landet.

Huseigarar må ta ansvar og fjerne snø og istappar frå tak. Mykje snø kombinert med litt mildare ver gjer at det kan vere livsfarleg å gå på fortau i Ålesund.

Huseigarar må ta ansvar og fjerne snø og istappar frå tak. Mykje snø kombinert med litt mildare ver gjer at det kan vere livsfarleg å gå på fortau i Ålesund.