NRK Meny

Får pengar til utgreiing

Høgskolen i Molde får 2,3 millionar kroner frå Kunnskapsdepartementet til å sjå på moglegheitene for å slå seg saman med andre høgskolar eller universitet. Den siste tida har fleire høgskolar og universitet blitt slått saman som del av den store strukturreforma i høgare utdanning. Samanslåing med NTNU er eit av alternativa Høgskolen i Molde ønsker å sjå nærare på.
.

Campus Molde
Foto: Gunnar Sandvik / NRK