Får landstraum til jul

Storkaia i Kristiansund vil få landstraumanlegg til jul. Kristiansund og Nordmøre Havn (KNH) har inngått ein avtale med PSW Power & Automation på Ågotnes utanfor Bergen om levering av eit landstraumanlegg. Kontrakten har ein verdi på fem millionar kroner. Det skriv Tidens Krav (krev innlogging). Anlegget skal kunne forsyne to båtar samtidig, og båtane som ligg til kai kan dermed slå av motoren, noko som vil vere ei stor hjelp for støyproblematikken ved kaia og føre til mindre utslepp.

Vinter på kaia i Kristiansund
Foto: Ragnar Hals